PGA kvittar seg med andelane på grunn av store underskot dei siste åra og på styremøte i dag skal selskapet diskutere tilbodet.
COOP blir med
COOP Innlandet er ein av aktørane som vil drive trekkspillfestivalen vidare.
Reidar Stangenes seier at festivalen skal bli både betre og større neste år.
- Ja, det blir ei stor utfordring for oss. Vi vil bruke den kompetansen som er bygd opp på Vinstra til beste for arrangementet, seier Stangenes.
Han meiner at viss Titanofestivalen forsvinn, blir det vanskelegare å arrangere dei andre festivalane på Vinstra.
- Ringverknadene blir store viss vi ikkje held fram, seier Stangenes.
Tydal trekkspillklubb (ill.foto)
Brukar pengar
Stangenes legg til at dei vil bruke meir pengar på festivalen enn det som blir brukt i dag.
Mellom anna for å trekkje til seg meir folk og meir populære gammeldansorkestre enn kva som blir gjort i dag.
- Vi vil og arbeide med miljøfaktorane under festivalen. Saman med Nord-Fron kommune vil vi og leggje til rette for betre sanitæranlegg i Kåja-området, seier Stangenes.
Samlar tusenvis
Titanofestivalen samlar kvart einaste år tusenvis av trekkspill- og gammeldansentusiastar frå heile landet.
Likevel har Peer Gynt Arrangement tapt pengar på musikkhelga.
I dag skal dei avgjere om dei godtek tilbodet frå dei fire eigarane.
- Eg vil ikkje seie noko om detaljane i tilbodet, men det viktigaste er at det framleis blir eit lokalt eigarskap og drift i Kåja, seier Stangenes.