Hopp til innhold

Tippe-Thue går av

Sigmund Thue trekkjer seg som styreleiar i Norsk Tipping.

Sigmund Thue
Foto: Torvild Sveen / NRK

Thue var ute i hardt vér som styreleiar da det vart klart at administrerande direktør Reidar Nordby hadde ei svært gunstig gartneravtale med selskapet.

Overraskande

Men det kom likevel svært overraskande da Sigmund Thue i det som skulle bli hans siste foredrag som styreleiar, fortalte at han trekkjer seg som styreleiar i Norsk Tipping.

Han har vore styreleiar sidan 1997.

Han fortalte at det hadde vore viktig for han å rydde opp i bråket etter at Nordby måtte gå av, og han meinte at dei no hadde situasjonen under kontroll, og at det var på tide å gå av.

- Eg går av etter ei totalvurdering, og meiner det er rett tidspunkt å gå, seier Thue sjølv.

Samtidig påpeikte han at han tykte det var rett at det var ein ny styreleiar som skulle tilsetje ein ny administrerande direktør.

Gode resultat

Thue kunne også vise fram svært gode tal under sitt siste styremøte som styreleiar. For fyrste gong hadde Norsk Tipping ei omsetning på over ti milliardar kroner i fjor, og kan dele ut til saman 2,5 milliardar til kultur og idrett.

Og Sigmund Thue understrekar at han ikkje går av på grunn av presset som har vore på han den siste tida.

- Såvidt eg veit har det ikkje vore noko folkekrav om at eg skulle gå av dei siste månadane, seier Sigmund Thue.

Det er ikkje klart kven som tek over som styreleiar i Norsk Tipping.

Flere saker fra Innlandet