NRK Meny
Normal

Tiltalt for voldtekt og overgrep mot mindreårige

I dag starta rettssaka mot ein Hamar-mann i 50-åra som er tiltalt for overgrep mot tre mindreårige gutar.

Odd Henning Svalheim, Aina Helene Tvengsberg, Bodil Thorp Myhre

Odd Henning Svalheim, Aina Helene Tvengsberg og Bodil Thorp Myhre.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Mannen er tiltalt for å ha valdteke ein gut og hatt seksuell omgang med to andre mindreårige gutar.

Det fyrste overgrepet skal ha skjedd i 1999, det siste i 2008.

– Utnytta tillitsforhold

Ein av gutane sin bistandsadvokat, Aina Helene Tvengsberg, fortel at hennar klient gjekk til politiet og melde saka.

– Han ser på det som positivt at han endeleg skal få gje si forklaring og at saka skal få eit punktum. Da kan han gå vidare med livet sitt.

Ifølgje tiltala er saka særleg alvorleg fordi mannen har utnytta eit tilliltsforhold til gutane. Han er også tiltalt for å ha oppbevart store mengder barnepornografi.

Nekta straffskuld

Da saka starta i Hedmarken tingrett i dag nekta mannen straffskuld.

Mannen ba om at rettssaka skulle lukkast, men det fekk han ikkje medhald for i retten.

– Han tykkjer dette er ei svært belastande sak, og han gruer seg til å møte i retten og gå gjennom dette, seier hans advokat, Heidi Ysen.

Det er sett av sju dagar til saka i Hedmarken tingrett, og strafferamma er inntil 15 års fengsel.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND