Ved materiellavdelinga har 24 av dei 38 fast tilsette søkt om sluttpakke.
- Frustrasjonen blant mange tilsette er stor i forhold til omstillingsarbeidet innan forsvarets logistikkorganisasjon, sier sjef for materiellavdelinga, major Jan Lavik.
Framtida til dei tilsette ved hovudarsenalet på Hovemoen er uviss.
Uavklart
Lavik trur grunnen til at mange søkjer om sluttpakke er usikkerheita rundt Hovemoens eksistens.
- Det er eit problem å få folk motivert til å stå på når dei samtidig veit at det pågår ei stor omorganisering.
Mykje er uavklart, og for arbeidstakarane går det for sakte. Dei vil vite om dei har jobb i 2005, seier Lavik.
Stor usikkerheit
Det har i fleire år vore mykje att og fram kring hovudarsenalet sin vidare eksistens.
Tidlegare i år var det snakk om at forsvaret ville flytte heile verksemda på Hovemoen til Gardermoen. Det skjedde ikkje, men usikkerheita kring framtida slit på dei tilsette.
Hovudarsenalet på Hovemoen har i 31 år vore ein stor arbeidsplass på Lillehammer. Dei forsyner det norske forsvaret med nesten all slags utstyr.
Stortingsrepresentant Torstein Rudihagen(Ap) vil ta opp saka i spørjetimen på Stortinget.
Pressar departementet
Stortingsrepresentant Torstein Rudihagen(Ap) har lenge vore engasjert i Hovemoen si framtid. Han vil nå legge press på forsvarsdepartementet for å oppretthalde hovudarsenalet på Hovemoen.
- Eg har forståing for at forsvaret omorganiserer og effektiviserer.
Men når Hovemoen utfører oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte, har eg ikkje forståing for at nokon vil flytte hovudarsenalet til Gardermoen, seier Rudihagen.
Opp i spørjetimen
Stortinget har tidlegare sagt klart ifrå at Hovemoen skal bestå.
- Og da er det oppgåva til departementet å følgje opp dette på best mogleg måte, meiner Rudihagen, som vil ta opp saka i spørjetimen på Stortinget.
Framtida til Hovemoen blir truleg avgjort før året er omme.