Hopp til innhold

Vil bli Noregs Mourinho

21 år gamle Ejdin Djonlic er den yngste som har teke UEFA A-lisens som fotballtrenar i nyare tid. Målet er å bli hovudtrenar for ein europeisk toppklubb.

Ejdin Djonlic

Ejdin Djonlic (i midten) har imponert sine vegleiarar ved universitetet i Southampton.

Foto: Privat

– Eg trur at eg kan nå toppen. Utan tvil.

Han seier det som om det er den naturlegaste ting i verda, at ein 21-åring frå Hov i Søndre Land skal bli blant verdas beste fotballtrenarar. Og han er godt på veg. I haust tok han UEFAs A-lisens, den nest høgste trenarutdanninga du kan ta i europeisk toppfotball.

– Det som gjer meg til ein god trenar er at eg har lang erfaring, sjølv om eg er ung. Samtidig har eg eit godt auge for detaljar. Eg kan analysere kampar, ta ut det viktigaste, og rette på det på treningsfeltet. Samtidig har eg alltid følt at eg har god kunnskap om psykologi og leiarskap, det fell naturleg for meg.

Imponerer NFF

Djonlic tok sin A-lisens i foreldras heimland Bosnia-Hercegovina, for å få nye impulsar til sitt unge trenarhovud. Der har han også fått fleire oppdrag i ettertid. Ansvarleg for trenarutdanning i Noregs Fotballforbund, Dag Riisnæs, er imponert over det 21-åringen har fått til.

– Det er veldig gledeleg at unge trenarar vil ta høgare trenarutdanning og satse i den retninga. Det er viktig med pågangsmot og at ein er dedikert til det ein driv med. Akkurat som når du vil bli ein topp spelar så dreier det seg om hardt arbeid over tid.

Ejdin Djonlic studerer nå fotball på Southampton Solent university i England.

– Det er flott å sjå talentfulle og dedikerte studentar som Ejdin bruke sine ferdigheiter på ein større arena, seier studieleiar Clwyd Jones til universitetets eigne nettsider.

Djonlic sjølv har ikkje sett seg ut noko spesielt topplag han aller helst vil trene, men følgjer nokre fotballtrenarar ekstra nøye.

– Den største gjennom tidene er Alex Ferguson. I dagens fotball følgjer eg spesielt José Mourinho. Eg er også fan av Jürgen Klopp, og likar godt måten han trenar og leiar laget frå sidelinja.

– Blir du Noregs svar på Mourinho?

– Ja. Det er det eg vil bli. Eg vil jobbe som manager på toppnivå, og dersom eg held fram å jobbe så hardt som i dag, veit eg at det vil skje.

Ejdin Djonlic

Ejdin Djonlic tok sitt fyrste trenarkurs allereie som 14-åring.

Foto: Privat

Flere saker fra Innlandet