Ein mann i 30-åra frå Hunndalen er dømt til seks månader i fengsel for å ha tent på ein bustad i Østre Toten.
Gjensidige Nor Forsikring kravde vel ein million kroner i erstatning, men det var alt for mykje, meinte retten. Dei dømte mannen til å betale 200.000 kroner.
Innrømte straffskuld
Toten tingrett meinte huset var så gammalt, at det ikkje var så mykje verdt som forsikringsselskapet og huseigaren tykte.
Domfelte innrømte straffskuld i retten.
Leigde huset
Tre månader av fengselsstraffen er på vilkår, for brannen som fann stad for to år sidan.
Mannen leigde huset i Østre Toten som han skal ha tent på.
Domfelte er tidlegare straffedømt.