Hopp til innhold

Teater i svarte skauen

RINGSAKER (NRK): Eit ektepar ved Sjusjøen håpar å dra 1500 publikummarar ut i den mørke vinterskogen i løpet av helga. I kveld er det urpremiere på det nye Birkebeinerspelet.

Birkebeinerspelet ved Sør-Mesna i Ringsaker

URPREMIERE: I kveld blir Birkebeinerspelet vist for fyrste gong. Her Filip Stav som Skjervald Skrukka.

Foto: arne sørenes / nrk

– Dette har vi inga erfaring med i det heile tatt. Vi driv eit ridesenter og har null teatererfaring, fortel Camilla Li som saman med ektemannen Kristoffer Hauger er produsent for det nye spelet.

– Men vi både håpar og trur at dette kan bli ein vintertradisjon her ved Sjusjøen.

Ekteparet tilbyr til dagleg rideskule og hesteopplevingar ved ridesenteret Mesna Islandshest. No satsar dei på at folk vil komme for å oppleve birkebeinerstemning eit par pilskot inn i svarte skogen frå garden deira i Sør-Mesna ikkje langt frå Sjusjøen.

–Her er vi på historisk grunn, seier Kristoffer Hauger, og legg til at dei opprinnelege birkebeinarane må ha reist gjennom dette området då dei vinteren 1206 frakta kongsbarnet Håkon Håkonsson nordover mot Nidaros.

Ekteparet

HESTEFOLK OG TEATERPRODUSENTAR: Ekteparet Camilla Li og Kristoffer Hauger driv Mesna Islandshest og er produsentar for Birkebeinerspelet. I tillegg har dei begge roller som ryttarar i spelet.

Foto: arne sørenes / nrk

Fekk ideen frå filmen

Hestane til ekteparet vart brukt i filmen «Birkebeinerne», som vart spela inn i området ved Sjusjøen. Då filmen vart lansert i februar i fjor med utevisning på fjellet strøyma folk til, trass i vinterkulda.

– Då forstod vi at her er det potensiale for å skape noko meir, seier Camilla Li.

Mentorhjelp fekk dei frå Ian Brodie, som har lang erfaring frå såkalla filmturisme frå heimlandet New Zealand.

Ian Brodie

MENTOREN: Ian Brodie frå New Zealand er fotograf og konsulent i filmturisme. Han har vore til stor hjelp for Camilla Li og Kristoffer Hauger.

Foto: arne sørenes / nrk

Der har han særleg jobba med å bygge opp turisme i kjølvatnet av filmane om «Ringenes Herre». Han meinar at autensitet, at noko blir opplevd som «ekte», er viktig dersom ein skal få folk til å komme etter ein filmsuksess.

– Her har vi ekte kulissar frå filmen, og vi er i eit område som er knytt til historia om birkebeinarane. Slik hyttene er satt opp og scena framstår, kjennest det verkeleg som om eg har reist tusen år tilbake i tid.

Nytt birkebeinerspel ved Sjusjøen

DRAMATISK SPEL: I denne tv-saka kan du sjå scener frå det dramatiske spelet i den mørke vinterskogen ved Sør-Mesna.

– Vanskeleg å lukkast med filmturisme

Professor Alte Hauge har forska på kva som skal til for å lukkast med filmturisme. Han seier at det i mange år har blitt snakka om å få folk til å komme til eit område som er kjent frå ein film eller tv-serie, men at få eller ingen i Noreg har fått det til.

– Det blir mest prat, seier han.

Hauge viset til at det t.d i Lillehammer vart snakka mykje om å utnytte turistpotensiale etter den internasjonale tv-serien «Lilyhammer», utan særleg suksess. Likevel trur han at spelsatsinga ved Sjusjøen kan vere rett veg å gå:

– Dette er nyskapande fordi spelet gir folk ei oppleving som ligg tett opp til filmen. Dersom dette blir gjort skikkeleg i alle ledd, og blir opplevd som ekte av publikum, kan dette kan gå bra.

Flere saker fra Innlandet