Skodespelar Per-Øyvind Berg frå Rendalen vil byrje å selje teaterframsyningar heime i private stuer.
37-åringen er premiereaktuell med einmannsforestillinga om August Strindberg, og meiner det er på tide å bringe teateret inn i heimen til folk.

Per-Øyvind Berg spelar August Strindberg. (Foto: Joar Elgåen / NRK)
Privatforestilling
Premiera på stykket om August Strindberg var lagt til Tynset Kulturhus fredag 26. november.
I tillegg til turneen i Østerdalen er rolleinnhavar Per-Øyvind Berg klar for å ta i mot private bestillingar på stykket.
- Kvifor skal publikum måtte oppsøke teateret, spør Berg.
Kanskje kan du få ei eiga privat framsyning av "Strindberg - En jævla kar" heime i stua di?
Tusenlapp
1.000 kroner må du ut med for å få ei levande forestilling framført berre for deg.

Skodespelar Per-Øyvind Berg, musikkansvarleg Dag Braathen (t.v.) og instruktør Jo Skjønberg. (Foto: Joar Elgåen / NRK)
Da kjem vesle Pers Turneteater frå Rendalen inn i heimen din. Stor plass tek det heller ikkje. Det er som sagt ei einmannsforestilling, og Per-Øyvind Berg får plass til alle rekvisittane sine i ein liten personbil.
Stykket handlar om den svenske forfattaren August Strindberg, og om hans forhold til dei tre konene sine. Det har ikkje vore vist i Norge tidlegare.
Instruktør for Strindberg-forestillingen er Jo Skjønberg, og han tykkjer skodespelaren sin nye idé om heime-hjå-teater er midt i blinken.