Hopp til innhold

Tapte konkurransen

Lom og Skjåk bokhandel tapte kampen om å levere skulebøker til dei lokale skulane. Kommunen kjøper heller av ein utanbygds bokhandel.

Skolebøker
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

For den uavhengige distriktsbokhandelen har salet av skulebøker til grunnskulane i Lom og Skjåk vore ein viktig del av omsetninga.

Men nyleg fekk innehavar Tor Arne Rønningen melding om at frå i haust vil kommunane kjøpe bøkene av ein bokhandel på Vinstra. Nokre få tusenlappar skilde tilboda mellom bokhandlane.

Bokhandlar i Lom og Skjåk, Tor Arne Rønningen
Foto: Erlend Kester Moe / NRK

Ny anbodsreglar

Nå reagerer Lom og Skjåk bokhandel distriktsbokhandelen på det dei meiner er stivbeinte kommunale anbodsreglar. Nasjonale reglar om offentlege innkjøp skal sikre at leverandørar har sjansen til å vinne anbod, samtidig som det sikrar at kommunane får ein best mogleg pris på det dei kjøper inn.

I dette tilfellet låg Lom og Skjåk bokhandel 3 prosent høgare i pris enn konkurrenten Libris på Vinstra. Rønningen meiner det er meiningslaust at det ikkje blir lagt vekt på historia dei har med å levere skulebøker.

- Kommunen bør støtte opp om den kommunale bokhandelen så prisforskjellane er så små, seier han.

Ikkje noko val

Men administrasjonssjefen i Lom kommune, Ola Helstad, seier ei ikkje har noko val.

- Det er ei eiga lov som regulerer slike prosessar, og der er det ikkje rom for å gjera lokale prioriteringar

Helstad seier dei nå vil setja i gang kurs, rådgjeving og andre tiltak for skal gjera næringslivet i Nord-Gudbrandsdalen meir konkurransedyktige i anbodsprosessane.

Overraska vinnar

Libris på Vinstra, som vann kampen om å levere skulebøker, er einig i kritikken mot korleis dei kommunale anboda blir gjennomførte.

Dagleg leiar Petter Asphoug vart overraska da dei fekk tilslaget.

- Vi rekna med at den lokale bokhandelen fekk tilslaget. Det er viktig at kommunane støtte sine eigne forhandlarar.

For Lom og Skjåk bokhandel er saka viktig.

- Med eit så lite kundegrunnlag som vi har her i Lom og Skjåk, er det berre tidsspørsmål om når vi ikkje lenger finn nye bein å stå på, seier Rønningen.

Flere saker fra Innlandet