(Foto: Scanpix)
Stiftelsen Rettferd for taperne kalla bonussystemet i trygdeetaten i Oppland usmakeleg.
Dei hevda at bonussystemet kunne føre til feilbehandling av brukarane. Nå legg generalsekretær Ola Ødegaard seg heilt flat, og innrømmer at han tok feil.
Bonus til dei raske
I ei pressemelding skriv Ødegaard at informasjonen han hadde om bonusordninga i trygdeetaten var feil.
Trygdedirektør i Oppland, Haavard Ingvaldsen, sa til NRK måndag at dei raskeste avdelingane i trygdeetaten i fylket får ein ekstra bonus som skal gå til velferdstiltak.
Godt opplegg likevel
Etter eit møte med trygdekontoret for Oppland måndag seier Ødegaard at han tykkjer opplegget deira verkar både rett, og i samsvar med slik Stiftelsen Rettferd for taperne ønskjer at etaten skal vera mot brukarane.