Hopp til innhold

Tangaroa i land

Tangaroa-ekspedisjonen har nådd sitt fyrste mål: Raroia i Polynesia. -Fantastisk å vere framme, og veldig sterkt, seier Olav Heyerdahl.

Tangaroa i land
Foto: TANGAROA

Mannskapet om bord på flåta Tangaroa, som er ein kopi av Thor Heyerdals Kon Tiki, gjekk i land på øya Raroia i morgentimene i dag norsk tid.

 Olav Heyerdahl frå Lillehammer er barnebarn til Thor Heyerdahl. Han er svært letta over å vere i land.

- Vi har blitt tatt i mot på ein fantastisk måte. Nå blir det fest, seier Heyerdahl.

 

 

 

Raroia i Polynesia. Ekspedisjonens fyrste mål.
Foto: TANGAROA EKSPEDISJONEN

Raskare enn Kon-Tiki

Det var den 28. april ekspedisjonen la ut frå Lima i Peru. De følger samme rute som Thor Heyerdahl og Kon-Tiki gjorde for 59 år sidan. Nå har altså ekspedisjonen nådd sitt 1. mål, etter å ha segla frå Peru til Polynesia ein måned raskare enn Kon Tiki. Kon-Tiki datt bokstavelig talt ned på revet med et brak i 1947, etter en ferd på 101 dager.

 - Vi får berre meir og meir respekt for det bestefar gjorde i 1947. Nå har vi mange fleire tekniske hjelpemidler, mens han berre hadde ein teori han trudde sterkt på. Sjølv om det vi gjer no også er ei bragd på eit vis, så tek vi av oss hatten for dei som gjorde det fyrst, seier Heyerdahl.

Til Tahiti

Både ordførar, president og mange andre er tilstades når det er stor fest for ekspedisjonen søndag.  I neste veke tek gutta farvel med Raroia. Dei har fortsatt 500 nautiske mil att. Det er Tahiti som er ekspedisjonens endelege mål.

- Eg gler meg også til å komme heim, sjølv om eg har det veldig bra her no, seier Olav Heyerdahl, som gjerne helser heim til blant anna bestemor og bestefar på Lillehammer.