Hopp til innhold

Tagging i fjellheimen: – Trist og uforståeleg

Dag Sverre Høye var på tur på Besshøe i Jotunheimen laurdag. Der kom han til steinar som var tagga ned, søppel og knust glas.

Taggin Besshø

2017: Det står blant anna «GBG» og «SWE» på ein av steinane. Det skal og stå 2017 på ein av steinane.

Foto: Dag Sverre Høye / Privat

Det var ikkje eit pent syn som møtte Dag Sverre Høye da han var på tur på toppen av Besshøe i dag saman med ein kompis og hunden.

Nedtagga steinar, søppel og knust glas låg på toppen av Besshøe, som ligg ikkje langt frå Besseggen i Jotunheimen.

– Det stod 2017 på nokon av steinane, så det må vere nokso nytt. Det høyrer ikkje heime i fjellheimen, seier Høye.

– Trist å sjå

Harald Øvstedal er skipper og eigar av båten som fraktar turistar og turgåarar over Gjendevatnet. Han synest ikkje noko om det han såg på bilete frå Besshøe.

– Det var trist å sjå, og det heilt unødvendig, seier Øvstedal.

Kari Lund driv og eig Bessheim fjellstue og hyttar. Tusenvis av turistar går i området ved Gjendevatnet og Bessvatnet kvar sumar, og Lund seier folk som oftast er flinke.

– Inntrykket er at turistane er veldig flinke til å rydde opp etter seg. Med tanke på kor mange turistar som går her, er det ikkje så mykje søppel, seier, Lund.

– Vil ta tak i dette

Nasjonalparkforvaltar i Jotunheimen nasjonalparkstyre, Magnus Snøtun jobbar med å gjere nasjonalparken og fjellheimen tilgjengeleg og gje folk gode opplevingar ute. Han meiner det da er øydeleggjande når folk tek seg til rette på denne måten.

– Eg synest dette er veldig trist og uforståeleg at folk brukar tid og energi på å gjere slik.

Nasjonalparkstyret i Jotunheimen vil nå sette i gang arbeidet for å tagginga fjerna.

– Vi tar tak i dette no, og får begynt arbeidet med å få det fjerna, seier Snøtun.

Flere saker fra Innlandet