NRK Meny
Normal

Fekk hjartestans i fjor – nå syklar Jo Esten Birken igjen

I fjor vart han redda av ein tilfeldig medsyklist da hjartet hans stoppa på toppen av Rosinbakken. Nå er Jo Esten Trøan i betre form enn nokon gong, og klar for Birkebeinerrittet igjen.

Jo Esten Trøan

Jo Esten Trøan har allereie sykla fleire ritt som oppkøyring til Birkebeinerrittet. – Forma er betre enn i fjor på denne tida, seier han.

Foto: Geir Viksmo-Slettan

31. august 2013: Den 45 år gamle gardbrukaren Jo Esten Trøan frå Hodalen i Tolga stiller til start på Birkebeinerrittet. Han har seeda seg ganske godt, og startar ganske tidleg. Når klokka nærmar seg 11.30 er han på veg opp den mykje omtala Rosinbakken, den siste lange kneika før nedkøyringa mot Lillehammer startar.

Så stoppar hjartet hans plutseleg å slå. Han blir liggande livlaus på bakken, utan puls eller pust.

– Det skjedde heilt ut av det blå, på eit brøkdel av eit sekund. Det var akkurat som å skru av ein tv, så var eg borte.

Fekk hjarteinfarkt under Birkebeinerrittet

Dette biletet la Jo Esten Trøan ut medan han låg på Ullevål Universitetssjukehus. – Det var mest for å syne venene mine at eg var i live, seier han.

Foto: Privat

Ville sykle vidare

Dei som syklar saman med Jo Esten reagerer momentant, kastar seg av syklane, og ein ukjent redningsmann gjev han 5–6 hjartekompresjonar. 5–6 skikkelege støyt som knekkjer fleire ribbein og påfører han store smerter i ettertid, men som fyrst og fremst reddar livet hans. Hjartet finn ut at det har meir å gje, og når han blir henta av helsepersonell pustar han.

– Eg vakna i ei ambulanse ein del minutt etterpå med øydelagde klede og vondt både her og der. Eg skjønte ingen ting, og ville helst sykle vidare.

Det fekk han av naturlege grunnar ikkje lov til. Han vart i staden køyrt til sjukehuset på Lillehammer, sendt vidare med luftambulanse til Ullevål, der han vart operert.

– Det var veldig fint at han som gav meg hjartekompresjonar gjorde det skikkeleg. Det at eg beheldt livet starta der. Eg tenkjer mykje på den kjeda av menneske som stod klar til å hjelpe meg denne dagen og vekene og tida etterpå. Eg låg dei neste to vekene på hjarteovervakinga i Elverum, og fekk fantastisk hjelp der.

Nokre dagar etter at han fekk hjartestans fekk han for fyrste gong stå opp og tusle ei lita runde rundt sjukehuset. Opptreninga var i gang.

– Det kjem nok ei tåre eller tre

30. august 2014: Den 46 år gamle gardbrukaren Jo Esten Trøan frå Hodalen i Tolga stiller på nytt til start på Birkebeinerrittet. Den siste tida har han nytta til å køyre fleire ritt, og treninga har kanskje vore betre enn nokon gong.

– Eg er nok i betre form nå enn i fjor på denne tida. Eg har trena meir, og ikkje minst har eg lært å bruke kroppen min betre og meir fornuftig.

Jo Esten Trøan

– Det er viktig å få fram kor mykje glede det er i idretten, meiner Jo Esten Trøan.

Foto: Privat

Sist helg deltok han i Bergmannsrittet på Røros, han har sykla Cykel-Vasan, alt går etter planen. Han er nå ein del av Helios DBS Team, som har fleire av landets beste syklistar i stallen. Saman med kompis Per Roger Bekken, som for to år sidan fekk lymfekreft, er Trøan oppteke av å vise kor viktig trening og idrettsglede kan vere når ein blir sjuk.

– Det er motiverande å få vere med dei. Eg hadde ein svart dag den fyrste dagen etter det som skjedde, men eg greidde å legge det att i sjukesenga på Ullevål. Ein må setje seg eit mål, og skyve det framfor seg, så går du heile vegen.

Han kan framleis ikkje presse kroppen 100 prosent, men er klar for ein ny start på Rena. Denne gongen har han tenkt å kome heilt fram til Lillehammer.

– Går alt som planlagt, står familien min på Lillehammer for å ta i mot meg laurdag. Det er eg veldig glad for. Målet med treninga og konkurransane er å kunne meistre dagleglivet med familien og jobb. Det er det som betyr noko. Birken er eit steg på vegen. Det kjem nok ei tåre eller tre når eg står på startstreken.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Bortvist fra oktoberfest i Elverum

    To menn er bortvist fra "Oktoberfesten" i Elverum sentrum sent fredag kveld. Mennene, en i 20-åra og en i 40-åra, ble vist bort på grunn av ufin oppførsel, melder Politiet i Innlandet på Twitter.

  • Bil av veien på fv.51

    Bil har kjørt av veien på fv.51 Golsfjellet, på Opplandsiden av fylkesgrensen. Nødetater er på vei.

  • Flere politistillinger i Innlandet

    Innlandet politidistrikt har fått 41 nye stillinger for 2017. 20 av dem øremerkes etterforskning og forebygging, blant annet ved å følge opp nærpolitireformen og straffesaker bedre. 14 av stillingene skal gå til de tre geografiske driftsenhetene.