Hopp til innhold

Sykla inn på ordførarkontoret

LESJA (NRK): Sykkelakrobaten Mattias Einbu har lenge ynskt seg ein tilrettelagt sykkelpark. For å få fortgang i saka, sykla han like godt rett inn på ordførarkontoret.

Mariann Skotte gjennom felgen

Ordførar på Lesja Mariann Skotte vart overraska over å få besøk av ein syklist på kontoret.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Då sykkelakrobaten Mattias Einbu flytta heim att til garden sin på Lesja, mista han sykkelmiljøet han var ein del av i Trondheim.

No ynskjer han å skapa eit trailmiljø, og har planer om å laga dirtpark på Lesja.

Mattias Einbu trailsyklist

Mattias Einbu vart hekta da han kom over eit trailshow i Trondheim som 14-åring. No vil ham at fleire skal sjå ljoset.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

– Vintersesongen blir hard for ein trailsyklist, eller syklistar generelt, for det blir for kaldt, det blir for stivt og det blir for glatt, seier Mattias.

Det er i dag rundt 200 aktive trailsyklistar i Noreg, og på konkurransar er det om lag hundre som deltek. Men sjølv om miljøet er lite og spreidd, trur Mattias at det hadde vore lettare å rekruttere dei unge om dei hadde ein tilrettelagt park.

For å få hjelp til prosjektet, sykla han like godt rett inn på ordførarkontoret. Sjå video.

Om sommaren er det mange moglegheiter for trailsykling i Lesja og Dovre. Men om vinteren er det verre, da er låven heime god å ha.

Ein livstilsidrett

Eirik Ulltang er den einaste trailsyklisten på landslaget, og han seier at det finst to retningar innan trailsykling.

Erik Ulltang

Erik Ulltang er landets fremste trailsyklist.

Foto: Tone Harboe / Privat

– Nokre av oss syklar konkurransar, andre syklar rundt og jaktar på utfordringar i nærmiljøet.

I konkurransesamanheng handlar det om å forsere store og små hinder på ein mest mogleg spektakulær måte. Der blir ein målt på presisjon, stil og balanse.

Her er den nye gatesporten

Mattias har berre delteke i ein eller to konkurransar, og for han handlar trailsykling mest om å ha det moro og å finne artige utfordringar i nærområdet, ofte kalla kreativ sykling.

Og det er truleg ingen som har besøkt ordføraren på ein så kreativ måte før, så står det att sjå om Mattias realisert dirtparken sin.

Mattias Einbu

Mattias jaktar på utfordringar i nærmiljøet.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Flere saker fra Innlandet