Bedriftskundane vil ikkje betale for feilutløyste alarmar. I Hedmark og Oppland har det så langt i år vore over 1.500 feilmeldingar frå automatiske brannvarslingsanlegg.
- Smaklaust
Nå vil brannvesenet i Gjøvik ha slutt på unødige alarmar, og gir syndarane eit gebyr på 4.400 kroner.
Ved Hovdetun vandrerhjem i Gjøvik har alarmen gått fleire gonger det siste året.
Brannbilar har rykka ut 1.500 gonger utan grunn så langt i år. (Foto: NRK)
- Vanndamp utløyser brannalarmen, fortel dagleg leiar Sande. Det er nok at nokon dusjar utan å ha opp glas og dører så går alarmen på vandrarheimen.
- Det er smaklaust at vi nå for ei rekning på tusenvis av kroner, seier Sande.
Gebyr som svir
- Det er altfor mange automatiske varslingsanlegg som utløyser alarmen utan at det er brann, seier Jan Tore Karlsen, leiar for 110-sentralen i Vestoppland.
- Det går ut over beredskapen når det er så mange slike unødvendige utrykningar, legg han til.
Karlsen fortel at dei nå sender ut gebyr som svir for å dekke inn utgiftene.
- Vi håpar sjølvsagt at det også skal verke preventivt, seier Karlsen, som oppfordrar dei med automatiske brannvarslingsanlegg om å sjekke anlegget ofte.