Hopp til innhold

Svindelforsøk går landet rundt

Eit svindelforsøk på e-post går no landet rundt. NorSIS meiner det er svært lett å svindle med andre sin e-post.

Herdis Dyvik

HACKA: Den eller dei som har hacka seg inn på kontoen til Heidi Dyvik ber om å få overført pengar til Skottland.

Foto: Privat

Nokon har hacka seg inn på e-postkontoen til Herdis Dyvik frå Tangen i Stange, og ber om å få pengar sendt til eit hotell i Skottland.

– Ubehageleg

– Det er veldig ubehageleg å vite at nokon brukar min e-postkonto til svindel, seier Dyvik, som ikkje er i Skottland men derimot i Oslo.

Ho legg til at ho må le litt opp i det heile:

– Eg føler meg litt naiv. Men i vår tidsalder kan ein ikkje lenger gøyme pengar i madrassen! Ein reknar jo med at slike ting fungerer som dei skal!

Dyvik prøver no å finne ut kva ho skal gjere vidare. Ho vil først skifte bankkonto:

– Eg vil også bytte e-postleverandør. Men det nyttar ikkje å bli meir forsiktig etter det. Eg er aktiv med kurs og foredrag, og er avhengig av å vere tilgjengeleg og halde kontakten med folk.

– Ikkje vanskeleg å svindle

Vidar Sandland, seniorrådgjevar i NorSIS (Norsk Senter for Informasjonssikring) trur ikkje det hjelper å skifte e-postleverandør:

– Det er ikkje nokon sikkerheitsmekanismer i det du sender i ein mail. Kven som helst kan sende ein mail på vegner av andre. Det einaste dei treng er mail-adressa og namnet på vedkommande.

Han meiner det er vanskeleg for eigaren av kontoen å unngå at slikt skjer.

– Derfor må mottakaren vere bevisst. Når ein får den type mail som oppfordrar ein til å gjere noko, så må ein vere veldig kritisk. Ein skal for eksempel aldri gi frå seg personopplysningar, som pinkodar, passopplysningar og personnummer på mail, seier han.

Blant dei som har fått mailen frå Dyviks konto er NRK og eit hotell i Grimstad.

Flere saker fra Innlandet