NRK Meny
Normal

Svin på skogen

BREISETSTØLEN (NRK): I heile sommar har dei kosa seg på beite dryge 1000 meter over havet. Vi var med da 409 umotiverte grisar skulle avslutte sommarferien og gå dei sju kilometrane heim att til garden. Det tok si tid...

I heile sommar har dei kosa seg på beite dryge 1000 meter over havet. Vi var med da 409 umotiverte grisar skulle avslutte sommarferien og gå dei sju kilometrane heim att til garden. Det tok si tid...

Grisane brukte elleve timar på å gå sju kilometer. Det tilsvarar ei gjennomsnittsfart på svimlande 0,63 kilometer i timen.

Kanskje skjønar dei at ferien er over. At tida som bortskjemt fjellgris på eit idyllisk sommarbeite er forbi, og at ein langt mindre attraktiv lagnad som eksklusiv juleribbe nærmar seg faretrugande.

Eller kanskje handlar det om at grisen i utgangspunktet er eit bedageleg dyr som trivst best med å rote litt rundt i halvblaut jord og ta seg ein lang kvil under nærmaste einebusk.

Dei verkar i alle fall ikkje spesielt motivert for ein lengre fjelltur, dei 409 grisane som heile sommaren har kosa seg på Breisetstølen i Valdres. Tida som fjellgris er over, nå skal dei ut på ein liten springmarsj på sju kilometer attende til bygda.

Gris med vass-skrekk

– I fjor brukte vi rundt sju timar, vi håpar det vil gå litt raskare i år, seier ein optimistisk Knut Ødegaard.

Kvart år sender han grisane til fjells for at dei skal legge på seg og gje ekstra god ribbe og skinkesteik. Fjellgrisen er ettertrakta vare, og det er også mange som har lyst til å få med seg grisens siste vandring. I år har nærmare 70 gjetarar med stort og smått meldt seg til innsats for å geleide grisane ned att frå fjellet.

– Kolossalt bra oppmøte, smiler han, før han samlar troppane og kjem med nokre gode råd.

– Grisen er ikkje farleg. Unngå å stresse dei og lat dei få gå i sitt eige tempo, så skal dette gå fint, ropar han ut.

Men det går berre eit par hundre meter før det fyrste hinderet dukkar opp. Ni av grisane nektar plent å gå over ein liten bekk. Korkje trugsmål, lokking eller list hjelp, grisane gaular som stukne grisar, og får til slutt lov til å snu.

Med på retretten får dei også eit par kameratar som har overvurdert eigen kondisjon og fysiske form. Dei har starta for hardt, og vart raskt råka av mjølkesyre og andedrettsproblem. Dei blir sendt attende til stølen med lovnad om traktorskyss ned att neste morgon.

– Grisar har dårleg lungekapasitet i forhold til kroppen, slår Ødegaard nøkternt fast.

Sovande gris

STEIKT FLESK: Grisane veit å utnytte årets siste solstrålar.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Svin til skogs

Det blir tidleg klart at målet om å klare heimturen på sju timar ikkje berre er optimistisk. Det er overoptimistisk. Griserosa bakender trippar til skogs i alle retningar, dei gøymer seg under tette furutre og i djupe grøfter, og er ikkje spesielt interessert i å lytte til velmeinte ord om å halde seg på den smale svinesti.

Og grisar er greie slik, har dei bestemt seg for at dei ikkje vil gå, så går dei ikkje. Den einaste måten å få framgang på er å ta tak i skinkene og dytte grisen framfor seg, ein etter ein. Ein ivrig border collie avhjelp noko på situasjonen, og halvvegs er det tid for ein middagskvil.

400 grisar veltar seg i grøfta akkurat der dei står, og snart er skogbrynet fylt av letta snøfting og småsnorking. Men idyllen er kortvarig. Dei godlynte koselydane blir raskt overdøyva når rasten er over, og det er tid for å starte på dei siste kilometrane.

Etter nokre minutt med snøfting, hyling og rein og skjær gauling er dei fleste grisane på føtene att, og legg i veg i sitt svært moderate tempo.

Slik ser og ikkje minst høyres det ut når 400 grisar ufriviljug må avslutte middagskvila.

Slik ser og ikkje minst høyrest det ut når slitne og umotiverte grisar må avslutte middagskvilen.

0,63 km/t

Sola går ned og folk og svin byrjar å bli sårføtte og leie. Heldigvis er grisane så slitne at dei ikkje lengre orkar å stikke til skogs, i dette mørket hadde det vore umogleg å finne att svin på skogen. Vi har gått i nesten 11 timar når grinda på garden til Knut Ødegaard endeleg dukkar opp i det fjerne. 7 kilometer på elleve timar vil seie at gjennomsnittsfarta har vore på imponerande 630 meter i timen.

– Det vart ein lang dag, seier ein veldig glad og veldig sliten grisebonde. Han er stri i auga etter 11 timars marsj, fjellbuksa har revna i skrittet, og han har grisemøkk langt oppover beina.

– Det er ein tur vi kjem til å hugse på godt og vondt. Vi får sjå kor mange som stiller opp neste år, gliser han.

For dei 400 grisane var det uansett siste reise. Nå skal dei slaktast og bli eksklusiv ribbe og anna julemat.

– Slik er det å vere gris. Det ryk nokre allereie torsdag, så forsvinn dei jamt og trutt fram mot jul.