Hopp til innhold

Styrkeprøven er i gang

Klokka 9 i dag starta eit av Nordens tøffaste sykkelritt. Løparane skal sykle Trondheim-Oslo på terrengsykkel.

Styrkeprøven er i gang
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

I løpet av seks dagar skal 330 syklistar trakke seg gjennom store delar av Hedmark og Oppland for å kome seg frå Trondheim til Oslo.

- Utslag av tankeløyse

Geir og Ingebjørg Haugom klare for ritt

Geir og Ingebjørg Haugom er klare for ritt

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Ekteparet Ingebjørg og Finn Haugom er to av deltakarane som skal delta på rittet. Dei neste seks dagane ventar over 700 kilometer på sykkel. Dei må over sju fjell og klatre over 1100 høgdemeter. Det er som å fyrst sykle opp på Mount Everest, og så opp på Galdhøpiggen.

- Vi veit nok ikkje heilt kva som ventar oss. Det var vel eit utslag av tankeløyse som gjorde at vi melde oss på, ler ekteparet. Dei fortel at dei er klar over at det kjem til å gjere vondt. - Det er gjerne etter 8 mil at smertene kjem. Det er ein del plagar som kjem fram etterkvart, det er jo det, seier dei.

Fyrste gong

Dette er fyrste gong eit slikt etapperitt på terrengsykkel blir arrangert i Norden. Etappene går frå Trondheim til Oppdal, så til Tynset og vidare til Koppang. Torsdag kjem syklistane til Hafjell, før dei fortset til Brandbu fredag. Laurdag kjem dei, forhåpentlegvis i mål i Oslo.

Rittsjef Ingar Wilhelmsen

Rittsjef Ingar Wilhelmsen.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

- Det er vel ikkje realistisk å rekne med at alle kjem til mål, seier rittsjef Ingar Wilhelmsen.

Han fortel at dagsetappane er frå 90 til 140 kilometer, og inneheld alt frå småkupert terreng til høgfjellsplatå. Løparane må sykle to og to, og må kome likt i mål.

- Det er fyrst og fremst av tryggleiksårsakar. Rittet går gjennom ein god del område der det ikkje bur nokon, og det er litt tryggare når den eine kan melde frå om den andre blir utsett for skader, seier Wilhelmsen.

- Kan bli uvener

Rune Høydahl har 11 verdscupsigrar i terrengsykling, og er saman med lagkamerat Kristian Torgersen ein av favorittane til å kome fyrst i mål. Men den erfarne syklisten trur den største utfordringa blir å vere like gode vener ved start som ved mål.

- Eg trur nok det vil bli ein del stygge gloser og tøffe tak ute i løypa. Det er nok ein del som ikkje vil sjå kvarandre dei neste vekene etter at dei har kome i mål, seier Høydahl.

Men Ingebjørg Haugom trur ikkje at ekteskapet vil ryke, sjølv etter lange og tunge dagar på sykkelsetet.

- Dersom han blir etter, så får eg vel vente på han, seier Haugom.

Flere saker fra Innlandet