NRK Meny
Normal

Strid om bompengar

Bompengar kan bli eit nødvendig onde, sjølv om vi i Frp er imot. Det seier Tor Andre Jonsen, som sit i fylkestinget i Hedmark.

FrP

Frp åpner for bompengefinansiering av veier, men kun dersom folket sier ja.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

På landsmøtet i Framstegspartiet laurdag vart det fremma forslag om at partiet kan godta bompengefinansiering, dersom saka er avgjort ved ei folkeavstemming.

Jonsen sjølv vil stemme imot, og trur det blir eit bastant nei på landsmøtet.

Dilemma

Men spørsmålet om bompengar er eit dilemma som Frp slit med, så lenge dei andre partia ikkje vil løyve meir pengar til vegutbygging, meiner Jonsen.

- Partiet må da velja om vi skal godta at vegane er dårlege, eller om vi skal godta bompengar, seier han.

Personleg er han prinsipielt imot bompengar, og for partiet er målet å fjerne flest mogleg bomstasjonar. Staten må bruke alt som blir tatt inn i bilavgifter til veg, seier Jonsen.

Horribelt

Når det gjeld vegutbygginga i Hedmark og Oppland i åra framover, så er det heilt horribelt med alle bompengane, meiner Jonsen.

- Ein biltur Hamar-Oslo tur og retur vil koma opp i 220 kroner berre i bompengar. Og ein tur Lillehammer-Oslo kan koma oer 300 kroner, seier han.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND