Hopp til innhold

10 km lang strekning blir 500 millionar dyrare

Den ti kilometer lange strekninga mellom Minnesund og Brøhaug blir 500 millionar kroner dyrare enn planlagt. Årsaka er konkursen til austerrikske Alpine Bau.

Utbygging av ny E6 og Dovrebane langs Mjøsa

Langs Mjøsa blir både E6 og Dovrebanen utbygd.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Firmaet Alpine Bau frå Austerrike var hyra inn for å bygge delar av den firefelts motorvegen og den dobbeltspora jernbana i området.

Dei gjekk konkurs i juni, noko som fører til at rekninga har stege kraftig.

Ifølgje nettstaden e24 blir prosjektet 500 millionar dyrare enn planlagt.

Dei skriv at den opprinnelege kontrakten hadde verdi på omlag 1,3 milliardar. Nå har kostnadane stege med 40 prosent, og prislappen blir på 1,8 milliardar.

E6-utbygginga nord for Minnesund kan bli både forsinka og dyrere. Det fordi den østerriske entreprenøren er konkurs.
I dag måtte 150 norske og utenlandske arbeidere legge ned jobben som følge av konkursen i Alpine Bau

Sjå video frå utbygginga av E6 og Dovrebanen.

I oktober vart det klart at Hæhre entrepenør har vunne anbodet, og tek over arbeidet etter Alpine Bau.

Dei får ifølgje e24 like godt betalt for å gjere ferdig to tredjedelar av arbeidet, som det Alpine skulle ha for heile jobben med Dovrebanen og E6 i området.