Hopp til innhold

Støttar fjerning av speleautomatar

Folk flest er tilfredse med at kjøpesenteret Olrud City fjernar speleautomatane. Andre kjøpesenter er usikre på om dei vil gjera det same. -

Støttar fjerning av speleautomatar
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

I Hedmark og Oppland er det 1358 speleautomatar. Når Olrud City i Ringsaker kastar ut sine, blir det ni færre.

Olrud City ønskjer eit spelefritt miljø, seier senterleiar Monica Grønbakken.

Men førebels vil ingen av konkurrentane i Hedmark og Oppland følgje dømet.

Brit Hege Monsen Vestlie er leiar for Foreningen pårørende til spilleavhengige i Hedmark
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Vurderer etterkvart

Senterleiar Ketil Nordheim på CC Mart'n på Gjøvik seier at dei stadig vurderer speleautomatane. Kollegaen på OBS på Rudshøgda, Geir Kristianson, stadfestar at automatane er tema på nesten kvart einaste leiarmøte. Eigedomssjef Rolf Harald Holand i Sektor Eiendomsutvikling som eig Kremmertorget i Elverum, Kongsenteret i Kongsvinger og som forvaltar Strandtorget i Lillehammer ventar på at politikarane uttalar seg.

- Vi vurderer saka med jamne mellomrom ut frå marknaden og ut frå det politikarane måtte bestemme, seier Holand.

Sjølv om dei fleste kjøpesentra ventar og ser, kastar fleire og fleire butikkar ut speleautomatane.

Politikarar mot automatar

Politikarane i Ringsaker har oppfordra næringslivet til å fjerne speleautomatar for å hjelpe dei som slit med at dei er speleavhengige. Somme gardeigarar har allereie følgt oppfordringa og kasta automatane ut.

Nå følgjer altså den største spelestaden i kommunen opp. Senterleiar Monica Grønbakken seier at det ikkje er riktig at Olrud City skal vera aktør for noko som får så negative konsekvensar for så mange.

Kastar ut speleautomatar
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Det er ikkje berre i Ringsaker politikarane har engasjert seg. Mange politikarar har planar om å erklære kommunen sin for automatfri. Men dei får ikkje støtte frå Hamar. Med sine 245 speleautomatar er dei den største automatkommunen i Hedmark og Oppland.

Ordførar i Hamar, Einar Busterud, meiner det er ei nasjonal oppgåve å forby automatane.

- Dersom dette skal behandlast i alle norske kommunar, blir det ulik praksis. Anten får staten få monopol på alle automatar, eller så må rikspolitikarane vedta eit forbod, seier han.

Avgrensingar

Og politikarane går inn for å avgrense speleomfanget. Frå 1. juli blir det ikkje lenger mogleg å bruke sedlar. Kulturministeren vil også ha nattestengde speleautomatar.

Og folk flest ser ut til å støtte at speleautomatar blir kasta ut frå butikkar. Dei som NRK møtte utanfor kjøpesenteret Maxi i Hamar tysdag, meiner fleire senter burde gjort som Olrud Citiy.

Det viktigaste argumentet er at spelinga øydelegg økonomien og livet til dei som blir avhengige.

Flere saker fra Innlandet