NRK Meny
Normal

Stortinget avviser ulveforslaget til Helgesen

Ingen av stortingspartia sluttar opp om forslaget frå klima- og miljøministeren om å endre naturmangfaldlova.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen under den muntlige spørretimen i Stortinget

Vidar Helgesen får ikkje støtte frå stortingspartia på forslaget om å endre naturmangfaldlova.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Dette er ein unik situasjon. At ein statsråd ikkje får nokon som helst støtte av nokon i stortinget har eg aldri opplevd, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NRK.

Vidar Helgesen (H) sitt forslag om å endre naturmangfaldlova blir ikkje fremma for stortinget i det heile teke. Statsråden og Høgre får ikkje gjennomslag for nokon av sine forslag. Også Høgre i Stortinget går mot Høgre i regjering.

Energi- og miljøkomiteen gav onsdag si innstilling i saka. Regjeringa og Helgesen blir bedt om å endre rovviltforskrifta slik at ein også skal vektlegge paragraf c i naturmangfaldlova. Det inneber at omsynet til jaktinteresser, distriktspolitikk og folk sin frykt og også skal ligge til grunn for lisensfellinga framover. Og ikkje berre skadepotensialet på sau og tamrein.

– Eit særs slett arbeid

Trygve Slagsvold Vedum

Trygve Slagsvold Vedum meiner Helgesen har gjort for dårleg arbeid, og vil erstatte han så fort som mogleg.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

På spørjetimen i dag spurte Slagsvold Vedum statsministeren om ho hadde tillit ministeren sin. Det hadde ho, men Slagsvold Vedum meiner Helgesen har utført eit særs slett arbeid.

– Eg meiner Helgesen ikkje har følgt opp stortinget si vilje i det heile teke. Han har eigentleg trenert stortinget si vilje. Det interessante her er jo å spørje kven det er som til sjuande og sist kan bestemme? Er det dei folkevalde eller er det byråkratiet med statsråd Helgesen i spissen, spør Slagsvold Vedum.

Lova blir verande uendra

Venstre meiner forskriftsendringa ikkje er av særleg betydning fordi lov står over forskrift ifølge NTB. Partiet gler seg over at naturmangfaldlova blir verande uendra, og viser til samarbeidsavtala sin formuleringar om dette.

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen (V) gler seg over at lova ikkje blir endra.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Venstre-nestleiar Ola Elvestuen meiner det berre er naturmangfaldlova som hindrar stortingsfleirtalet i å oppnå auka lisensfelling av ulv. Han meiner at om Stortinget hadde opna for å ha nokon fleire ulvar i Noreg, ville det også vore fornuftig med ei noko meir aktiv forvaltning.

– Med det låge bestandsmålet som Stortinget insisterte på, er det ikkje mogleg, seier Elvestuen.

Skogeigarforbundet sin leiar Erik Lahnstein, som sjølv er tidlegare Sp-politikar seier dette er gledeleg.

– Det er svært gledeleg at Stortinget no sikrar eit vesentleg større uttak av ulv enn det som følger av den snevre tolking av lovverket som regjeringa har gått inn for. Her har fleirtalet lytta til uroa til folk og instruert regjeringa om å gjere det same, seier han til NTB.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Ung mann kjørte uten førerkort

    Politiet i Innlandet stoppet lørdag kveld en ung mann i Lillehammer, som kjørte bil uten å ha gyldig førerkort. Forholdet blir anmeldt.

  • Øyertunellen stengt

    E6 skal være stengt i Øyertunellen i retning Lillehammer, melder vegtrafikksentralen øst på Twitter lørdag kveld. Årsaken skal være at det ligger gjenstander i vegbanen.

  • Kjørte i tunnelvegg

    En mann i 50-åra kjørte lørdag kveld inn i en tunnelvegg langs riksvei 25 på Strynefjellet. Mannen blir nå anmeldt etter at politiet oppdaget at han kjørte med promille. Føreren kom uskadd fra hendelsen, skriver politiet i Innlandet på Twitter.