Stoffet vart funne i bilen som kjørde av vegen i rundkjøringa på Dombås fredag morgon.
Dei tre personane som var i bilen er pågripne.
Sjåføren er mistenkt for å ha kjørd i rusa tilstand og er fråtatt førarkortet.
Politioverbetent Erik Trønnes ser ikkje bort frå at fleire kan vera innblanda. Både Romerike, Romsdal og Gudbrandsdal politidistrikt deltek i etterforskninga.