NRK Meny
Normal

Storkontrakt til Raufoss

Raufoss Fuels Systems har i dag vunne ei kontrakt med ein av dei største bussprodusentar i Europa.

Buss
Foto: Rainer Prang / NRK

Selskapet som leverer høgtryggs-tankar, skal levera meir enn 70.000 CNG-tankar over heile verda.

Dette vil gje opptil 50 millionar kroner i auka omsetning og sikrer arbeidsplassane på Raufoss.

Direktør Per S. Heggem seier dei har fått ei kontrakt i hard konkurranse.

Fra før er Raufoss Fuels Systems eineleverandør til Volvo sine gassdrivne bussar. Heggem trur dagens kontrakt kan føre til meir merksemd om produkta frå RFS.

Bilmarkedet veks

Men det er fyrst når billeverandørane vil bytte ut bensin med gass at RFS for alvor kan tene gode og store pengar. Direktør Per S. Heggem fortel at dei er i gang, både i Italia, Tyskland og Sverige.

- Og det er fyrst når bilane kjem på marknaden at det blir store moglegheiter, seier Heggem.

Meir til Raufoss?

Gasstankane til bussane skal lagast saman med søsterselskapet Lincoln i USA. Heggem utelèt ikkje at fabrikken i USA kan bli flytta til Europa.

- Men her er det prat om store tankar, og dei produserar vi i USA og på Raufoss. Kjem vi inn på bilmarknaden er det berre Raufoss som i dag kan produsere små tankar, seier Heggem.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND