Østoppland Heimevernsdistrikt og Vestoppland Heimevernsdistrikt blir lagt ned.
Distriktsstaben for Hedmark og Oppland skal leiast frå Terningmoen i Elverum. Det kjem fram i Forsvaret sin langtidsplan frå 2005 til 2008.
Uklart
Forsvaret planlegg store endringar i aktiviteten i blant anna Østerdal Garnison i framtida.
Verkstadsdrifta blir redusert, mens talet på soldatar skal auke.
- Planane betyr meir aktivitet i Rena Leir, seier fungerande
Plasskommandant i Østerdal Garnison, Kjell Inge Bekken.
Bekken veit førebels ikkje kva som skjer med Elverum Tekniske Verksted, som i dag har omlag 60 tilsette.
Færre tilsette
Tilsette i Forsvaret reagerer kraftig på at dei nok ein gong går ei usikker framtid i møte.
Tilsette ved Forsvarets Tekniske Verksteder i Østerdal Garnison, reagerer på planane om omfattande nedbygging av verkstadane i framtida.
I Forsvaret sin langtidsplan er det lagt opp til store reduksjonar i talet på tilsette på verkstadane.
Bygger for mykje
Onsdag høyrte vi at Forsvaret har bygd kjøkken for fleire titals millionar kroner meir enn dei har bruk for. Og Forsvaret bygger framleis.
Snart står ein ny verkstad til 190 millionar klart i Rena leir, ein verkstad ingen veit om dei treng.
I januar skal den nye verkstaden til 190 millionar kroner stå ferdig. Men nå settes bremsene på. Berre vel ein tredjedel av bygget skal tas i bruk. Dermed sparer Forsvaret 10 av de 190 millionane.
Stillingar skal bort
I dag er det vel 50 tilsette på verkstaden på Rena, og vel 40 i Elverum.
På landsbasis skal eitt tusen stillingar bort, 600 millionar kroner skal sparast, blant anna ved å la private firma gjera jobben på anbod.
Innan 1.juni skal Forsvaret vurdere framtidig bruk av Kongsvinger Festning.