Det er bladet Finansfokus, som er fagblad for organiserte i Finansforbundet som skriv om bonusane i si siste utgåve. Den eine banken etter den andre melder om store overskot. Trass i låge renteinntekter.
Dei er dei gode tidene som fører til at bankane i Hedmark og Oppland betaler ut bonus til dei tilsette.
Jevnaker på topp
Det er nok ingen fare med pengane til dei banktilsette, for så lenge vi som kundar betalar renter og gebyr, strøymer pengane inn.
På bonustoppen tronar Sparebank 1 Jevnaker Lunner. Kvar tilsett der fekk 63.000 kroner i bonus for 2004. Mens dei for innsatsen i 2003 fekk nesten 40.000 kroner.
Det betyr at dei har fått 100.000 kroner i bonus dei to siste åra.
Gode tider
I Sparebanken Hedmark er det også gode tider. I gjennomsnitt har dei tilsette der fått 24.000 kroner i bonus, mens tilsette i Grue Sparebank får 10.000 kroner kvar.
I Toten Sparebank får dei tilsette 15.000 kroner kvar, men da i form av såkala grunnfondsbevis.
Ikkje alle betaler
Ikkje alle bankar deler ut bonus til dei tilsette, sjølv om dei har gått med solid overskot. Blant dei som ikkje deler ut bonus er Vang Sparebank i Valdres og Sparebank 1 Gudbrandsdal.
I Etnedal Sparebank får heller ikkje dei tilsett noko, mens banksjefen derimot har fått bonus for resultata i fjor.
Bonus i Innlandet:
DnB Nor - 14.000 kroner (frå dei tilsette sitt fond)
Lom og Skjåk Sparebank - 14.000 kroner
Sparebank 1 Gran - 30.000 kroner
Sparebank 1 Jevnaker Lunner - 63.000 kroner
Etnedal Sparebank - berre banksjefen
Vang Sparebank - ingen bonus
Totens Sparebank - 15.000 kroner (i eigardelar i banken)
Sparebank 1 Gudbrandsdal - ingen bonus
Sparebanken i Hedmark - 24.000 kroner (i gjennomsnitt)
Grue Sparebank - 10.000 kroner