Hopp til innhold

Stor spenning før UKM startar

I helga møtast 250 Opplands-ungdom på Hadeland for å vise fram talenta sine på scena, filmlerretet eller på kunstutstilling.

Denne helga arrangeres Ungdommens Kulturmønstring på Gran. Dansegruppa Artic Crew fra Lillehammer.

– Vi laga dansen ei veke før lokalmønstringa, seier jentene i Artic Crew frå Lillehammer.

Dei deltek på UKM for første gong og er blant dei 250 som får vise seg fram på Oppland sin fylkesmønstringa i helga. Gjennom helga er det tre førestillingar med heile 91 sceneinnslag til saman. I tillegg blir 40 kunstverk utstilt.

Ikkje ei konkurranse

Under fylkesmønstringa vil 30 innslag gå vidare til landsfinalen i Sandnes der dei treff ungdom frå heile landet. Likevel er det ikkje konkurransen som er det viktigaste under mønstringa.

– Det er ein trygg arena der ungdom kan møtast og vise seg fram. Det er meir fokus på det sosiale enn at det skal vere konkurranse, seier arrangør Andrea Stensrud som sjølv har delteke seks gonger.

Andrea Stensrud UKM
Foto: Jorun Vang / NRK

Spenning

Dansegruppa Artic Crew er spente før det heile set i gang. Dei trur dansen sit og håpar det held til å kvalifisere seg vidare.

– Vi vil sjølvsagt komme vidare til landsfinale, men det er mange andre som er veldig flinke her, seier Julie Granum i Artic Crew.

Artic Crew, UKM Oppland
Foto: Jorun Vang / NRK

Jentene i Artic Crew nyttar alle høve til å få danse og treffast kvar veke for å øve. Koreografien dei skal vise fram på scena på Hadeland har dei laga sjølv. Og om dei ikkje skulle komme vidare, reknar dei ikkje med å reise heilt tomhendte heim.

– Vi håpar på å lære noko nytt, å få nye venner og nye inntrykk, seier Julie Granum i Artic Crew.