Årsaka er at det har kome særskilt mykje snø tidlig i år, og den har vorte liggande med lagvis laus og kompakt snø, seier administrativ leiar i Oppland Røde Kors Hjelpekorps, Bjørn E. Berntsberg.
Ber skigåarar vere forsiktig
Desse forhalda gjer at det er lett å utløyse skred, og Berntsberg åtvarar skituristar om å ferdast i skråningar sjølv om dei ser sikre ut.
Skredfaren er særleg stor i skråningar som heller mot søraust.
Royal Air Force deltar i skredmåling
Raude Krossen vil til helga måle skredfaren i Valdresfjella, godt hjelpen av Royal Air Force helikoptra.
Sju hjelpekorps i Valdresdistriktet vil laurdag undersøke stader som det erfaringsmessig er skredfare. Royal Air Force støtter opp med helikopter og fraktar frivillige frå hjelpekorpsa ut i fjellheimen.
Med på operasjonen er frivillige frå hjelpekorpsa, to lokale lensmenn og representantar for Royal Air Force.
Tilsaman skal dei kontrollere 14 områder med skredfare.
Du kan høyre reportasje frå skredmålinga i Valdresfjella på NRK Hedmark og Oppland måndag 17. februar.