- Ungdommen er dyktig og vi er heilt avhengig av dei, seier Ingeborg Huuse, som har ansvaret for å tilsetja 360 personar til å drive Hunderfossen familiepark i sommar.
I år har nær tusen unge søkt om å få jobbe i parken. Det viser at ungdom er interessert i sommarjobbing.
Vil ha ekstra inntekter
Elevane ved Vargstad videregående ønskjer seg sommarjobb og ekstra inntekter.
- Ein sommarjobb der eg får pengar er viktig, seier ei jente. Ein annan fortel at han kanskje skal arbeide på gard, så han tener pengar til bensin.
Hunderfossen familiepark er den største arbeidsplassen for ungdom i Hedmark og Oppland.
- Gjer ein god innsats
Ungdom gjer ein god innsats i sine sommarjobbar, seier ho som skal tilsetja fleire hundre av dei i sommar.
- Ungdommen er med og bidreg til at dette er ein slik kjempesuksess. Vi må ha god hjelp til å betjene alle attraksjonar i parken og underhalde gjestane, og det er ungdommane veldig flinke til, seier Ingeborg Huuse.
- Kva krevst av ein ungdom som vil ha jobb hjå dykk?
Vanskeleg å plukke ut dei rette
- Fyrst og fremst må han ha lyst til å gjera ein god jobb, og vera på en stad der ein treffer mange tusen menneske kvar dag, seier Huuse.
Interessa for sommarjobbar på Hunderfossen er enorm. Det er tre søkjarar til kvar jobb. Dei fyrste tilsetjingane vart gjort allereie i fjor haust. Nå er dei i gang med intervjurunde for å fylle dei stillingane som er att.
- For mange er dette den aller fyrste sommarjobben. Ungdom er veldig flinke, og det er vanskelegare for kvart år å plukke ut dei rette, meiner Ingeborg Huuse.
Her er råda til deg som søkjer sommarjobb:
- Ver tidleg ute. Det er kamp om jobbane!
- Følg med på annonsene i aviser.
- Set deg inn i den bedrifta du vil jobbe i. Tenk gjennom "kvifor er eg den rette til å jobbe der? Kva kan eg bidra med?"
- Førebu deg godt når du skal inn til intervju.