Hopp til innhold

Stor auke i utleige av fjellhytter

–Berre sidan 2012 har vi tredobla utleiga av våre fjellhytter, seier almenningsstyrar Jo Trygve Lyngved i Skjåk Almenning.

Kvitberghytta
Foto: Skjåk Allmenning / Inatur

Og det er i Oppland og Hedmark at ein finn dei mest populære fjellhyttene.Skjåk allmenning, Espedalen bygdeallmenning og Gausdal fjellstyre blir trekt fram som område med særleg populære hytter.

Morten Pedersen

Morten Pedersen. Dagleg leiar av nettstaden Inatur.

Foto: Inatur / Inatur

–Det er ikkje så rart, for den typiske Inatur-hytta ligg i fjellheimen, og fjellet er svært populært generelt, seier Morten Pedersen.

Fleire vil dele

Morten Pedersen driftar nettsida Inatur, og han ser ei klår auke både i tal på gjestedøgn og at stadig fleire ynskjer å leige ut fjellhyttene sine.

Unikt tilbud få kjenner til

–Berre hittil i år har vi ein vekst på 36 prosent, seier Pedersen.

Noko av veksten kjem av ei auke i talet på hytter, men vi ser også at talet på gjestedøgn aukar på dei hyttene vi har hatt med oss ei stund.

–Vi har nok fått litt drahjelp av merksenda rundt delingsøkonomi, seier Pedersen.

Rimeleg overnatting

Ein av grunnane til at tilbodet er så populært, skuldast nok den låge prisen. Du får ei hytte for litt over 500 kroner døgnet, inkludert ved og gass.

Jo Trygved Lyngved

Jo Trygved Lyngved. Almenningsstyrar i Skjåk Almenning.

Foto: Ukjent / Skjåk Allmenning

–Det meiner vi er rimeleg overnatting, seier Almenningsstyrar Jo Trygved Lyngved i Skjåk Almenning.

Mange av hyttene vart reist i samband med tamreindrift, gjeting og som buer for fjelloppsyn. Men Lyngved er glad for at fleire no får glede av dei.

– Det har absolutt ei økonomisk side for oss, og like mykje det ein ikkje kan måle i kroner. Reklameverdien og profileringa som dette medfører, er like viktig som penger i kassa, seier Lyngved.

Gode attendemeldingar

Jo Trygved Lyngved seier attendemeldingane frå leigetakarane er nesten utan unnatak positive.

–eg trur det heng saman med at folk set større pris på det enkle friluftslivet, seier Lyngved.

I starten var det mange jegerar og fiskarar som nytta seg av dette tilbodet, men både almenningsstyraren og Inatur ser at hyttene i aukande grad blir leigd av vanlege turglade turistar som ynskjer seg fred og ro.

Flere saker fra Innlandet