NRK Meny
Normal

Stian Remme vann Birken

29 år gamle Stian Remme frå Bergen knuste konkurrentane og vann Birkebeinerrittet 2011.

Stian Remme

Stian Remme var godt tilfreds med sigeren

Foto: NRK

Det var lenge ei stor gruppe som kjempa om sigeren i Birkebeinerrittet. Men ved Sjusjøen kom Stian Remme i einsam majestet, med ei stor gruppe jagande nesten eit minutt bak. Bergensaren hadde rykka frå alle andre, og hadde full kontroll.

Dei andre hadde teke innpå han i bakkane ned frå Sjusjøen, men i mål var han rundt 15 sekund framfor konkurrentane.

– Som Bambi på isen

Stian Remme

Stian Remme knuste konkurrentane opp mot Sjusjøen.

Foto: NRK

Stian Remme var kanskje ikkje nemnt blant dei aller største favorittane før mål, og er best kjend for å sykle på landevegen. Men med klatretrøya i Tour of Norway har han også tidlegare vist at han er god i motbakkane.

– Eg heldt på å gå på trynet eit par gonger mot slutten, og var omtrent som Bambi på isen. Eg visste at dersom eg skulle vinne måtte eg ha eit forsprang før slutten, og eg klarte å rykke like før Rosinbakkane, sa den glade vinnaren etter at han kom i mål.

Manengen falt

Heimefavoritten Lars Ragnar Manengen var lenge med i kampen om pallplassane, men datt like før mål, og tok dermed ikkje sin fjerde strake andreplass.

Den tok i staden svenske Matthias Wengelin, som også vart nummer to i Grenserittet. Haakon Austad vart nummer tre.

– Eg vart litt ivrig, og måtte nedpå graset ein tur, sa ein litt skuffa Manengen etter femteplassen.

Lars Ragnar Manengen

Lars Ragnar Manengen har vorte nummer to dei tre siste Birkebeinerritta. I år vart han nummer fem.

Foto: Alexander Nordby / NRK