NRK Meny
Normal

– Har ikkje opplevd verre på 35 år

Frosne stikkrenner og mykje vatn skaper store problem på fleire vegar i Hedmark og Oppland.

Kombinasjonen kald vinter og varm vår har ført til skikkeleg vårløysing fleire stader på Austlandet. I Nord-Østerdalen og i Gudbrandsdalen jobbar vegarbeidarar for fullt med å tine opp stikkrenner for å hindre vatnet i å øydeleggje vegane.

– Eg har arbeidd med dette sidan 1976, men har aldri opplevd ein slik vår som dette. Det blir lange dagar, og vi gjer så godt vi kan for å kontrollere vatnet, seier Erik Johaug i Mesta i Nord-Østerdalen.

Ventar meir snøsmelting

I Gausdal i Oppland har vårløysinga skapt store problem på fleire vegar. Fylkesveg 315 er opna att for saktegåande trafikk, medan fylkesveg 318 vart opna i løpet av ettermiddagen.

– Men vi veit ikkje korleis dette vil utvikle seg vidare utover dagen, og det kan bli problem andre stader og fleire stengde vegar, seier seksjonsleiar Anita Brenden Moshagen i Statens Vegvesen.

Video Vannet stenger veger

Øyvind Rognstad er ein av mange som er innleigd av Mesta for å få kontroll over vatn og is ved fylkesveg 315, like nord for Jørstadmoen i Lillehammer. Han har jobba sidan tidleg på morgonkvisten, og reknar med at det blir lange dagar framover.

– Det smeltar for mykje, og stikkrennene klarar ikkje å ta unna. I dag tidleg var det mykje vatn og flaum her, ismassene tetta att det meste, seier Rognstad.

Bekk på ville vegar

På Jevnakervegen i Nordre Land gjekk ein bekk torsdag formiddag over sine breidder. Den gjekk over vegen og vidare ned på eit småbruk, og ifølgje politiet var det mykje is og vatn på staden.

Gravemaskin og tinebil vart utkalla, og vegen vart opna att ca klokka 14.45.

Årsaka til at bekken fann seg nye vegar var is som pakka seg under brua som var årsak til problema.

Meir enn tidlegare

Svein Ove Garshol køyrer buss i Gausdal, men møtte bommen midt på ruta i formiddag.

– Her kjem vi ikkje lenger, og det betyr at mange ikkje kjem med på bussen, seier han.

Like før klokka 13 torsdag meinte Anita Brenden Moshagen i Statens vegvesen at dei hadde kontroll over situasjonen, men at dei er førebudd på at det kan bli ytterlegare problem når snøsmeltinga startar att utpå ettermiddagen.

– Det er ikkje uvant at det er mykje vatn om våren, men det vi ser nå er meir enn vi har opplevd tidlegare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Føreren satt fast

    Føreren av en bil som kjørte av vegen i Hedalen satt fastklemt, men er nå ute av bilen. Politiet vet foreløpig ikke noe om skadeomfanget, men føreren var ved bevissthet. Vegen er stengt forbi ulykkesstedet.

  • 4. plass til Østberg

    Ingvild Flugstad Østberg fra Gjøvik kom på 4. plass på 10 kilometer fri teknikk på Beitostølen. Marit Bjørgen vant, mens Ragnhild Haga og Heidi Weng tok de to neste plassene.