For to veker sidan foreslo regjeringa å legge ned Fagernes Lufthavn Leirin frå 2006.
Onsdag arrangerte lokalpolitikarane og næringsliv eit felles møte på Fagernes for å planlegge bergingsaksjonen.
Fylkesordførarane i Oppland og Buskerud, Audun Tron og Tor Ottar Karlsen, kjempar saman for Leirin.
Konsekvensar for Hallingdal
Fylkesordførar Tor Ottar Karlsen i Buskerud meiner hallingane er heilt avhengige av at Leirin overlev.
Fylkesordførar i Oppland, Audun Tron, slår fast at samhandling på tvers av dalføre og fylkesgrenser er nødvendig for å redde distriktsflyplassen.
Ifølge Karlsen kan ei nedlegging få svært negative konsekvensar for reiselivet i Hallingdal.
Møter samferdslekomiteen
3. mai set fylkesordførarane kursen mot hovudstaden, der dei skal legge fram synspunkta sine for Stortinget sin samferdsleskomité.
Flyplassen er truga på grunn av regjeringa sitt foreslag til Nasjonal Transportplan om å kutte alle statlege løyvingar til Leirin.
Dei tilsette skuffa over flyplasskutt