Det var ingen enkel operasjon å fjerne steinblokka på fleire hundre kubikk ved Finseth i Vang i Valdres.
- Vi har fira oss ned i veggen og plassert ei luftpute. Vi skal prøve å dytte ut steinblokka med luftputa, sa Jon Kvam i firmaet Trollteam, som hadde fått i oppdrag å fjerne steinblokka.
Steinblokka heng oppe i denne fjellsida, til høgre for fossen. (Foto: Runar Henriksen Jørstad/NRK)
Farleg oppdrag
For nokre år sidan datt det ned ei anna steinblokk i det same området. Blokka trefte nesten ei hytte rett nedanfor. Dessutan passerer skulebussen forbi denne staden kvar dag.
Før blokka vart fjerna, vart oppdraget karakterisert som farleg. Det er mykje overheng og laust fjell i området, og det kunne ha ramla ut stein og treft folk.
Men alt gjekk etter planen da operasjonen vart sett i verk.
Ga opp forsøk i fjor
Jon Kvam fortel at dei prøvde å fjerne steinblokka i fjor haust også.
Det kjem mykje vatn ut av fjellveggen, og det er vått og glatt. Da dei gjorde eit forsøk i fjor, isa veggen ned over natta, og dei måtte gje opp prosjektet.