Majorstuen debuterte med eit brak. Debut-cd´en kvalifiserte til Spelemannsprisen og fekk terningkast 5 frå ei samla norsk presse.
Nå slepper gruppa, med Tove Hagen frå Hedmark og Andreas Ljones frå Oppland, sin andre CD. "Jorun Jogga" heiter skiva som nå er ute på marknaden.
(Alle foto: Anne Lise Flavik/Fotofabrikken.)
Sjølvkomponert
Bandet har opprinnleg bygt låtane sine på tradisjonell folkemusikk. Det spesielle med Majorstuen er at dei har arrangert og spelt musikken på utradisjonelt vis. På den nye plata er alle låtane nye og sjølvkomponerte.
Med ei leikande og kreativ tilnærming til den norske folkemusikken, bidreg dei til å gje musikken eit ungt, friskt og nyskapande ansikt.
Majorstuen består av seks unge felespelarar som fann kvarandre under studietiden ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei allereie etablere seg som musikarar på eit høgt nivå og har turnert både i inn- og utland.
Meir live
Majorstuen skriv på heimesida si at dei let seg inspirere av andre sjangrar som jazz, pop/rock og klassisk. Dette syr dei saman til sitt eige uttrykk.
- Den største forskjellen på den fyrste cd´en og den nye, er at vi har fått meir opp live-trøkket nå, seier Tove Hagen. Den siste cd´en vart faktisk spelt inn på ei hytte skogen. Målet er å få noko av det nære og naturlege inn i låtane.
14. november spelar Majorstuen i Rendalen, heimbygda til Tove Hagen.