Lillehammer kommune må spare rundt 50 millionar kroner neste år. Det er årsaka til at ei splitter ny avdeling for eldre demente har stått tom i månadsvis.
Dette skulle vera ei kortsiktig spareløysing, men nå er det ikkje sikkert at avdelinga vil bli brukt til eldre demente i det heile tatt.
Det er lansert forslag om at huset kan leiast ut til studenthyblar.
Ny avdeling står tom
9,1 millionar kroner kosta det å bygge eit heilt nytt bukollektiv for eldre demente i Lillehammer.
I august i år stod bygget ferdig, men for å spare pengar, har kommunen late avdelinga stå tom.
Da NRK snakka med leiaren for heimetenesten, Eva Rommetveit i september, sa ho at å la bygget stod tomt var ei kortsiktig løysing.
- Vi har bygd huset fordi vi ser at det er bruk for plassane, men vi må spare, og derfor stårt huset tomt, sa Rommetveit den gongen.
Manglar pengar
Framtida til Søre Ål bukollektiv framleis er svært usikker.
Det einaste som er sikkert, er at nybygget også vil stå tomt dei fyrste månadane av neste år.
Dei 13 tilsette som skulle jobbe ved bukollektivet, er forlengst omplassert til andre stillingar i kommunen, og det er ikkje sett av pengar til meir enn omlag eit halvt års drift.
- Eg vil i det lengste håpe at bukollektivet blir brukt til demente, men det er forslag om å bruke det som studenthyblar, fortel høgrepolitikar Jan M. Jansen.
Ordførar Synnøve Brenden Klemetrud (Foto: NRK)
50 på venteliste
Det er dermed usikkert om bukollektivet nokon gong skal brukast til eldre demente.
I dag står rundt 50 personar på venteliste til sjukeheimsplass i Lillehammer. 8 av desse kunne fått plass ved bukollektivet i Søre Ål.
- Politikarane i Lillehammer tek opp saka i februar eller mars neste år, i følgje ordførar Synnøve Brenden Klemetrud.