NRK Meny
Normal

Splitta motstand

Det er full splitting blant motstandarane mot asylmottak i Nord-Aurdal. I dag vart det arrangert demonstrasjon, men ikkje alle ville delta.

Demonstrasjon på Fagernes mot norsk asylpolitikk
Foto: Arne Sørenes / NRK

Demonstrasjonen i Fagernes markerte motstand mot norsk asylpolitikk generelt.

Men Bjørn Juul, som er initiativtakar bak underskriftsaksjonen mot asylmottak på Vaset seter, oppfordra folk til å ikkje delta i demonstrasjonen.

Juul seier han ikkje er motstandar av asylsøkjarar, men mot dei konkrete mottaksplanane i Vaset.

Typisk dobbeltmoral, seier initiativtakaren til demonstrasjonen.

Ekstreme synspunkt

Bjørn Juel er nabo og har sett i gang underskriftsaksjon
Foto: Arne Sørenes / NRK

Om lag 100 personar møtte opp i demonstrasjonen mot asylmottak i Nord-Aurdal. I forkant av demonstasjonen sa Bjørn Juul at folk ikkje burde delta fordi synspunkta til arrangørane er for ekstreme.

- Dei som demonstrerer på Fagernes, har haldningar og synspunkt som vi distanserer oss hundre prosent frå, seier Juul.

Juul er nærmaste nabo til det planlagte asylmottaket på Vaset seter, som Norsk folkehjelp skal drive 16 km frå Fagernes. Dette er han kritisk til og har derfor sett i gang ein underskriftaksjon. Men han understrekar at han ikkje er imot å få asylmottakarar til kommunen, men meiner Vaset er heilt feil plassering.

Dobbeltmoral

Og asylmottaket på Vaset har skapt reaksjonar også i andre krinsar. Det er bakgrunnen for demonstrasjonen i Fagernes, som rettar seg mot norsk asylpolitikk.

- Dette er for negativt, seier Juul.

Han seier han er for at folk skal kunne koma til kommunen og bli integrerte.

- Typisk norsk dobbeltmoral.

Ole Tor Kulterstad tok initiativ til demonstrasjonen
Foto: Arne Sørenes / NRK

Det seier Ole Tor Kulterstad, som er imot dagens norske asylpolitikk Han går kraftig ut mot Juul.

- Eg har heile landet som verkefelt og arbeider samen med aksjonen på Vaset, som nå blir dolka i ryggen av Juul, seier Kulterstad.

- Kva meiner du med at han dolkar aksjonen i ryggen?

- Han splittar jo ei god sak. Det kjem han til å angre på seinare når han ser korleis dette utviklar seg. For denne utviklinga vil fortsetja heilt til forholda her er like ille som i dei landa asylsøkjarane kjem frå, seier Kulterstad. - Dersom ingen slår kontra fort, legg han til.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Trailere kolliderte i Hedmark

    To trailere har kollidert på riksvei 3 ved Lonåsen nord for Tynset i Hedmark. Nødetatene er på vei til stedet. Det er ikke klart om noen er skadd.

    Laster Twitter-innhold
  • Ung mann kjørte uten førerkort

    Politiet i Innlandet stoppet lørdag kveld en ung mann i Lillehammer, som kjørte bil uten å ha gyldig førerkort. Forholdet blir anmeldt.

  • Øyertunellen stengt

    E6 skal være stengt i Øyertunellen i retning Lillehammer, melder vegtrafikksentralen øst på Twitter lørdag kveld. Årsaken skal være at det ligger gjenstander i vegbanen.