Korleis blir været i påska? Blir det gnistrande skiføre, eller innandørspåske med kryssord, krim og påskenøtter.
Været er avgjerande
Korleis påskeværet blir er avgjerande for om mange vel å reise på fjellet eller ikkje.
Etter snøfallet den siste tida har det blitt gode forhold for skigåing også i låglandet.
NRk Hedmark og Oppland møtte løypeoppkjørar Rolf Hanssen og skiløparane Berit Sagen og Per Odd Grotle på Heiberg i Sør-Odal. Dei var spente på om føret held seg.
Rolf Hansen. (Foto: Vera Wold/NRK)
Følgjer med på værvarselet
Dei siste dagene har snødjubda i sørlege delar av Hedmark nesten blitt fordobla. Inga stor snødjubde for ein skikkelig vinter, men 25 cm lovande centimeter ligg klare for skientusiastane.
Det er berre barnemat i forhold til blant anna på Lesjaskog der dei kan skryte av over halvannan meter snø.
Berit Sagen er ivrig skiløper og følgjer med på værvarslet.
- Det skulle bli mildt i påska, så da spørs det om føret held seg, seier ho.
- Det er fullmåne 25. Varmt om dagen og kaldt om natta kanskje, spår Per Odd Grotle.