NRK Meny
Normal

SP-ordførar vil slå saman kommunar

- Eg er ikke framand for å slå meg saman med naboen, seier Østre Toten-ordførar Hans Seierstad.

Hans Seierstad

Hans Seierstad er ikkje framand for å slå saman kommuner med tvang.

Foto: NRK

Det er som å banne i kyrkja, det Sp-ordførar Hans Seierstad i Østre Toten nå tek til orde for.

Senterpartiet har nemleg alltid stått som ein garantist for at kommunane skal vere som dei er, så sant dei ikkje sjølve tek initiativet til samanslåing. Denne tida meiner Seierstad snart må vere forbi.

- Senterpartiet bør vere meir opne for andre løysingar. Vi må ikkje tvihalde på at kommunegrensene er heilage. Det kan ikkje vere slik at det skal vere uaktuelt å bruke noko tvang.

Sjå kva alle stortingskandidatane i Hedmark og Oppland meiner om kommunesamanslåing.

Fleire oppgåver

Det er dei store oppgåvene innanfor helse- og omsorgssektoren som gjer at Seierstad nå ber sitt eige parti om å tenkje nytt. Målet er at meir av helsetenestene skal skje nærare der pasienten bur.

- Det er svært få kommunar som klarar dette åleine. Det trengst store pasientgrupper for å tiltrekkje seg den nødvendige kompetansen. Dette har også noko å gjere med kvaliteten i forhold til brukarane, seier Seierstad.

Han står heller ikkje heilt åleine i partiet når det gjeld dette spørsmålet. Tidlegare i sommar gjekk Ola Borten Moe ut og sa at partiet må vere viljuge til å diskutere tvangssamanslåing av kommunar. Han møtte da stor motbør, både i partileiinga og blant senterpartiordførarar.

- Eg er enig med Borten Moe i dette utspelet, seier Seierstad, som også har vore inne på tanken på å gå på friarferd til nabo Vestre Toten.

- Det er eit spørsmål om det er fornuftig å slå saman Østre og Vestre Toten. Ei samanslåing kan bli nødvendig.

I Østnytt si valsending klokka 20.50 møter Sp-ordførar Ole Gustav Narud i Åmot kommune Hans Seierstad til debatt. Du kan seie kva du meiner om saka her!