Simen Bjørgen kan puste letta ut. Han blir ordførar for Senterpartiet i Lom, og treng faktisk ikkje støtte fra noko anna parti.
Halvparten av røystene
Bjørgen og Sp får nemleg 50,9 prosent av røystene i Lom. Partiet kjem med dette inn med ni representantar i kommunestyret.'
Kommunestyret blir kutta i talet på representantar, frå 21 til 17. Senterpartiet får der ni representantar, medan Arbeidarpartiet og Bygdalista får åtte representantar til saman.
Sp kan, om dei vil, ta alle posisjonane sjølv - eller om dei vil vise storsinn i høve til dei andre partia og gje dei posisjonar.
Sterkt attende
Bygdalista og Arbeidarpartiet i Lom får verkeleg veljaranes dom i kommunen.
Bygdalista går attende 11,7 prosent, medan Arbeidarpartiet mister ni prosent i oppslutning. Sp tek dimed alt frå dei to partia.
Bygdalista hadde ordføraren no, men det blir altså byte i haust.
Bry seg ikkje
Men lomvèrene bryr seg lite om fylkespolitikken.
Faktisk var det berre 35,5 prosent av lomverane som putta den blå setelen ned i valurnene i Lom.
Men også her er det Senterpartiet som tek sigeren, med ein auke på seks prosent i høve til valet for fire år sidan. Sp får 39,8 prosent av røystene.
Framstegspartiet går fram til 10,9 prosent. SV går og fram til 9,6 rposent.