Landslagstrenar Martin Kitel opplyser at Sørum vart stoppa av dommaren alt i fyrste runde i kampen i turneringa Copenhagen Box Open.
Fånyttes kamp
Sørum gjekk hardt ut, men hadde ingen ting å stille opp med mot verdsmesteren.
- Sørum tapte diverre kampen. Roar er ringruste, men likevel var ja ikkje skuggredd. Han var på ingen måte defensiv og prøvde å få inn nokre slag mot den sterke russaren, seier Kitel.
Roar Sørum boksar i 91-kilos klassen, men har ikkje vore i bokseringen på to og eit halvt år.
- Då Sørum prøvde å angripe, var han ikkje flink nok til å dekkje seg mot angrepa frå Romantsjuk, seier Kitel.