Hopp til innhold

– Rart å plutseleg stå utan jobb

Etter Arbeidarpartiets kriseval i Hedmark og Oppland må partiets tredjekandidatar finne seg noko anna å gjere.

Stine Renate Håheim og Tone Merete Sønsterud

Stine Renate Håheim og Tone Merete Sønsterud må begge finne seg noko anna å gjere etter Arbeidarpartiets svake val i Hedmark og Oppland.

Foto: Stortinget

Da Tone Merete Sønsterud og Stine Renate Håheim vart nominert til kvar sin tredjeplass på Ap sine stortingsvallister i Hedmark og Oppland, var det svært få som trudde at det ikkje betydde sikker plass på Stortinget.

Men for fyrste gong sidan midten av 1920-talet fekk partiet inn berre to mandat i kvart av dei to innlandsfylka.

– Det er rart å plutseleg stå utan ein jobb. Men ein slutt på noko betyr ein start på noko anna, seier Stine Renate Håheim.

Ikkje høyrt ei einaste nyheitssending

Tone Merete Sønsterud, som har vore fast inne på Stortinget i to periodar, går nå attende til jobben i LO stat. Dagen etter valnederlaget brukte ho ikkje til djuptgåande analysar om kva som gjekk gale.

– Eg skal innrømme at eg ikkje har høyrt ei einaste nyheitssending, ikkje vore på Facebook og ikkje lese ei einaste avis. Eg har skrudd av alt og konsentrert meg om kva eg skal gjere vidare med mitt liv.

Stine Renate Håheim mangla 255 stemmer på å kome inn på Stortinget. Dei komande vekene skal ho bruke til å ha mammapermisjon. Plassen hennar på Stortinget gjekk til 25 år gamle Marit Knutsdatter Strand.

– Det er ei slags trøyst at det kjem inn ei ung dame med meiningars mot på den plassen eg har fått låne i åtte år.

Flere saker fra Innlandet