Privatskulen Sonans avgjorde i går at dei utset oppstarten til neste haust.
- Årsaka er at Sonans fekk for sein beskjed frå departementet om at dei kunne starte opp med undervisning, seier dagleg leiar Kjetil Hansen.
For knapp tid
Godkjenninga frå Utdanningsdirektoratet kom ikkje før nå i juli. Dermed vart tida for knapp for Sonans til å setja i gang eit skikkeleg skuleopplegg.
Skulen søkte opprinnleg om å få drive privat vidaregåande skule på Lillehammer med 300 elevar. Direktoratet ga dei lov til å starte opp med berre 90.
Nå blir det truleg starta eit grunnkurs frå hausten 2006 med 25 elevar.
Omstridd skule
Sonans-etableringa har vore heftig debattert på det politiske planet i Oppland.
Fylkespolitikarane gjekk tidlegare i år imot ei etablering av den private vidaregåande skulen.
Men byråkratane i Utdanningsdirektoratet sette altså fylkespolitikarane si vilje til side, og godkjente søknaden frå Sonans.