Hopp til innhold

Skisenteret på Norges tak måtte ta tre månaders ufriviljug sommarferie

Landets høgstliggjande sommarskisenter måtte stenge i tre månader på grunn av lite snø. Nå kan endeleg haustsesongen starte.

Galdhøpiggen sommerskisenter 10. oktober

Galdhøpiggen sommarskisenter har aldri måtte stenge så lenge. Nå er endeleg sommarsesongen i gang att.

Foto: Per Arne Vole

– Det var jammen på tide, seier ein letta Per Vole ved Galdhøpiggen sommarskisenter.

For der resten av landet har kunne nyte godt av ein særs varm sommar, gjekk det seg hardt utover skiføret på Juvbreen, nesten 2000 meter over havet. 6. juli var vårsesongen over, og det var fyrst førre helg dei kunne opne att.

– Det har vore ei pause midt på sommaren før også, men vi har aldri stengt så tidleg som nå. Men eg veit ikkje om vi skal skulde på klimaendringar. Eg har sett prospektkort frå 1930-talet, da var det enda mindre snø.

Varm sommar

Klimaendringar eller ikkje, det blir stadig meir utfordrande å by på skiføre om sommaren. Sommarskisenteret i Lom produserer snø heile vinteren, for å ha eit lager å spe på med når breen smeltar midt på sommaren.

I fjor produserte dei 300.000 kubikkmeter med snø.

Snø- og issmeltingen i Jotunheimen skjer nå så raskt at det truer sommerskisenteret ved Galdhøpiggen. For første gang har eieren av senteret derfor brukt hele vinteren til å masseprodusere snø slik at aktive og turister kan boltre seg gjennom sommeren.

Sjå korleis dei lagar skiføre midt på sommaren. (Sak frå 2013)

Meteorologisk institutt har ein værstasjon like i nærleiken, på Juvasshøe. Den er såpass fersk at dei enda ikkje har rekna ut noko normaltemperaturar for området. Men mykje tydar på at det har vore ein svært varm sommar, også så høgt til fjells.

– Gjennomsnittstemperaturen i juli var 9,8 grader. Det er langt varmare enn i 2013, da middeltemperaturen var 6,0 grader, seier vakthavande klimameteorolog ved Meteorologisk institutt, Trond Lien.

Også tala for juni og august syner at det har vore ein mykje varmare sommar i år enn i fjor. Samtidig var det ein relativt snøfattig vinter, noko som gjev utslag på skiføret i høgfjellet.

– Held oppe så lenge det er folk

Per Vole ved Galdhøpiggen sommarskisenter fortel at det har vore stor pågang frå ivrige skiløparar som har venta på å endeleg kunne utfalde seg på snø.

– Det er kjempefint føre, og det har kome 30 cm med nysnø berre i natt.

Nå satsar dei på å halde oppe i alle fall til midten av november.

– Etter kvart blir det kuldegrader i bygda og skisentera der opnar att, da blir det lettvinnare for skiløparane å reise dit. Men vi held oppe så lenge det kjem folk, seier Per Vole.

Flere saker fra Innlandet