Forskinga som blei gjort her står framleis sterkt i det astrofysiske miljøet. Med fredinga ønskjer vi å sikre at staden blir tatt vare på også for nye generasjonar forskarar og
stjernekikkarar, seier riksantikvar Jørn Holme.
Solobservatoriet var i drift som forskingssenter frå 1954 til 1986, der det blei forska på sola og andre himmellekam, opplyser Riksantikvaren.
Observatoriet var også vertskap for ein satellittstasjon som i samarbeid med U.S Air Force stod for overvakinga av sovjetiske satellittar under den kalde krigen.
I dag er Solobservatoriet eit kurs- og opplysingssenter i astronomi for skuleverket og publikum, og det er planar om å utvide området.