Sofia Maria sit på kne i åkeren og grev i jorda med berre hendene.
På fjella som stig opp frå dalbotn ligg framleis snøen kvit, men ho skal plante squash.
– Det er vel kanskje mykje av det eg dyrkar som er nyintrodusert her på Lesja, seier ho.
I ein liten hage i ein skråning dyrkar ho over 30 typar grønsaker, som ho sel til lokalmiljøet.
– Slik eg driv er berekraftig, kortreist og alt som er godt. Kvifor skal ein drive så stort viss ein kan drive lønnsamt på lite?
Bonde- og Småbrukarlaget i Oppland hyllar Sofia Maria Bang Elm. For ho gjev noko til landbruket det er alt for lite av.
– Vi ser at etterspørselen etter grønsaker er mykje høgare enn tilbodet. Mens tilbodet av kjøt er mykje høgare enn etterspørselen, seier fylkesleiar i Oppland Bonde- og Småbrukarlag Trond Klaape.
250.000 i omsetning
Sofia Maria Bang Elm bestemte seg i 2017 for at ho på Lesja i Oppland, 600 meter over havet og med moglegheiter for frost 12 md. i året, skulle dyrke og selje grønsaker rett frå grønsakhagen.
Ho fekk bruke 2,5 mål, eller 2,5 dekar om du vil, av beitemarka til foreldra til sambuaren Hans Haugstad Avdem, som driv garden Avdem.
Og så sette ho i gang. Ho brukar mest berre handmakt, og dyrkar utan kunstgjødsel og sprøytemedel.
I 2017 omsette ho for om lag 150.000 kroner. I 2018 auka det til 250.000 kroner. Heilt utan subsidiar frå Staten.
– Eg sel berre til lokalmiljøet. Nokre restaurantar på Dombås og i Åndalsnes. Elles frå butikken til foreldra til Hans, og litt på marknadsdagar.
– Og så har eg starta med grønsakskasseabonnement da.
Og desse grønsak-kassane vart fort populære. For 250 kroner i veka får du ei kasse med grønsaker frå hagen til Sofia Maria. I fjor leverte ho 20 kasser i veka frå juni til oktober.
– I år måtte eg sette taket på 45 abonnentar. Eg greier ikkje å levere fleire.
Myteknusar
Fylkesleiaren i Bonde- og Småbrukarlaget er sjølv kjøtprodusent. Han er imponert over omsetninga som Bang Elm har fått til i grønsakhagen sin.
– 100.000 kroner i omsetning per dekar er heilt formidabelt. Da har du peiling på det du driv med, seier Klaape.
I 2018 etablerte Bonde- og Småbrukarlaget såkalla REKO-ringar der lokalmatprodusentar kan selje matvarene sine direkte til kunden via facebookgrupper.
Der er det mykje kjøt tilgjengeleg, men for lite grønsaker.
– Det er rett og slett for lite kortreiste norske grønsaker tilgjengeleg på marknaden.
I organisasjonen Økologisk Noreg er Børre Solberg leiar. Han meiner Sofia Maria er ein føregangsfigur for landbruket.
– Ho er ein myteknusar. I Noreg heiter det seg jo det at vi er eit grasland og at det ikkje går an å dyrke noko anna her.
– Ho viser jo at det lar seg gjere. Det er imponerande det ho har fått til.
Forventar auke
Jobben med grønsakhagen er ikkje ein fulltidsjobb heile året. I tillegg til å drive med grønsakene sine, er ho også med i gardsdrifta på Avdem.
Foreldra til sambuaren hennar driv med mjølkeproduksjon, eit gardsysteri og ein tilhøyrande butikk som sel lokalmat.
Men det er grønsakene sine ho brenn for.
– Eg ser for meg ei auke i omsetninga i år også. No har eg tileigna meg erfaringar frå tidlegare, og veit korleis eg skal utnytte jorda enda betre.
Og det er betre utnytting av mindre areal og meir bruk av handmakt som er vegen å gå meiner ho.
Ho vil ha fleire små produsentar som leverer til nærmiljøet sitt.
– Vi må sjå attende i tid for å finne vegen framover. Eg meiner at utviklinga har gått for fort. Eg meiner ein må ned på kne og verkeleg sjå korleis jorda og grønsakene har det for å få ein berekraftig matproduksjon.
- LES OGSÅ: Skal forske på REKO-ringane
- LES OGSÅ: Salet av stuttreist mat tek heilt av
- LES OGSÅ: Stadig fleire handlar mat gjennom REKO-ringar