NRK Meny
Normal

Snømangel går utover turisthyttene

Det har vore den mest snøfattige vinteren sidan 1958, og det kan få konsekvensar for turistnæringa i fjellet. Men alt håp er ikkje ute enda.

Stålis på Gjende som ein kan sykle på

SYKKELFØRE: I mangel på snø tok Per-Ivar Weydahl sykkelen fatt og sykla Gjende på langs, frå Bessheim til Gjendebu og attende. Han melde sjølv om lite trafikk og fine flate forhold på isen.

Foto: Per-Ivar Weydahl

– Det ser ikkje lovande ut for langrennssesongen akkurat no, men det kan framleis komme mykje snø, seier Marius Haugaløkken som er vertskap på Gjendesheim turisthytte aust i Jotunheimen.

Sesongen der startar 18. februar, men snøen let vente på seg. Haugaløkken fortel at dei har hatt besøk av nokre danskar som tok til takke med fotturar i staden for å spenne på seg langrennsskia.

Kan miste nokre gjester

Bestyrerne på Gjendesheim, Marius Haugaløkken og Anne Taagvold

FORTVILAR IKKJE: Marius Haugaløkken ser ikkje så svart på den snøfattige vinteren. Her saman med Anne Taagvold utanfor Gjendesheim turisthytte.

Foto: Bård Bårdløkken

Marius Haugaløkken legg ikkje skjul på at det vil komme mindre gjester til Gjendesheim om det ikkje blir betre skiforhold ved hytta. Men han ser ikkje heilt svart på det enda. Det kan framleis komme snø og enn så lenge gjeld det å vere litt kreativ.

– Vi hadde ein lokal innbyggar her som sykla på isen Gjende på langs. Så om ein berre omstiller seg litt kan ein framleis få spektakulære og fantastiske opplevingar i fjellet, seier Haugaløkken.

Gjendesheim turisthytte

SNØMANGEL: Det er stålis på Gjende med eit tynt snølag. Elles er det så lite snø i Gjendesheim som det ikkje har vore på mange år syner bilete frå webkameraet til turisthytta.

Foto: Web-kamera

Den mest snøfattige vinteren sidan 1958

Thomas Skaugen

OVERRASKANDE: Det er sjeldan så lite snø på Austlandet på denne tida av året som det er no.

Foto: Hilde Harket / NVE

Det har vore ein uvanleg mild vinter så langt og nedbøren har komme som regn. Sjølv i høgfjellet har det vore så varmt at snøen smelta. Forskar, Thomas Skaugen ved Norges vassdrags -og energidirektorat er overraska over snømengda. For den skiglade austlendingen har det nemleg ikkje vore så dårlege snøforhold sidan 50-talet.

– Dette er vi ikkje vant til. Men vi kan få vinter til heilt ut i mars, så det er enda håp, seier Thomas Skaugen.

  • Senorge.no kan du sjå kart over snøforholda der du er.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Brann i vogntog

    Det brenner i et vogntog på E6 ca. fem kilometer nord for Dombås. Nødetatene er på vei til stedet.

  • Ulykke E6 Sjoa

    Nødetatene er på vei til en ulykke på E6 ved Sjoa. Ifølge politiet har det vært en påkjørsel bakfra. Ulykkesomfang uklart.

  • En sjåfør ble fotgjenger

    UP stanset en bilist i 117 kilometer i timen i 80-sone på riksveg 3 ved Ådalsbruk litt over klokka 11.00 i formiddag. Vedkommende ble fratatt førerkortet og blir anmeldt.