(Foto: NRK)
Snøværet kan skape problem på mange måtar. Ikkje berre må du ut og måke, og kjøreforholda blir vanskeleg.
Mange bønder opplever at hestane rømmer.
Yre hestar
Snøværet gjer nemleg at dei firbeinte, og ellers sindige dyra, blir urolege.
Berre i løpet av fredag formiddag fekk politiet i Gjøvik melding om seks hestar på rømmen.
- Hestane blir rett og slett yre, seier operasjonsleiar i Vestoppland politidistrikt, Åge Nordland.
Rett gjennom straumgjerde
Nordland fortel om hestar på rømmen langs riksveg 33, og andre som har gått rett gjennom eit straumgjerde fredag.
Også torsdag fekk Gjøvikpolitiet melding om hestar som var ute og sprang i snøværet.