NRK Meny
Normal

Snarvegen kosta han dyrt

Føraren i tømmervogntoget skulle truleg ta ein snarveg til sagbruket. Det kosta han nesten 50 000 kroner.

Tømmerbil stoppa i kontroll

OVERVEKT: Tømmervogntoget vart teke med over 11 tonn for mykje last.

Foto: Statens Vegvesen

– Vi møter på vogntog i blant med ganske stor overlast, men på slike reduserte vegar er det meir alvorleg med tanke på vegstandarden, seier Geir Thomas Finstad som er fagleiar i utekontrollen i Statens vegvesen i Hedmark.

Statens vegvesen hadde kontroll for tungtransport i Solør-området då dei stoppa tømmervogntoget som hadde heile 11 500 kg overvekt.

ANSVARLIG: Utekontrolleder Geir Thomas Finstad i Statens Vegvesen.

FØLGER MED: Kontrollørane vil følge nøye med på denne strekningen framover.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Unnskylda seg

Lastebilsjåføren lurte seg over ei bru i Grue som har ei tillaten vekt på opp til 50 tonn. Føraren at vogntoget hadde unnskylda seg med at han ikkje var klar over at brua hadde redusert vekt då han vart teke i kontroll.

– Han er frå området, så eg trur nok det var kjent for han. Han skulle nok berre ta ein snarveg, seier Finstad.

Hadde han køyrt på ein veg der vogntog med vekt inntil 60 tonn har lov å køyre hadde han truleg sleppt unna pålegg. Men føraren måtte pent køyre vidare med ei bot på 46 500 kroner i lomma. Finstad veit ikkje om det er fleire som har for vane å bruke denne snarvegen og vil følge nøye med i området framover.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Glatt på riksvei 3

    Det ble meldt om svært glatt på riksvei 3 i går kveld på grunn av underkjølt regn. Trafikken sto stille flere steder, ifølge politiet. Statens vegvesen var ute med alle sine mannskaper for å strø på veien.

  • Ulykke ved Mjøsbrua

    Tre personer ble kjørt til sykehuset etter en ulykke på riksvei 4 ved Mjøsbrua ved 23-tida i går kveld. Ifølge politiet er skadeomfanget ukjent, men bilene fikk store materielle skader. Ulykka skjedde da en bil kjørte inn i en annen bakfra.

  • Hadde ikke førerkort

    En mann i 40-årene ble i natt anmeldt for å ha kjørt bil uten gyldig førerkort. Han oppga falsk personalia til politiet og blir også anmeldt for dette.