NRK Meny
Normal

Snart kan du følge med på kvar ulvane er

Miljødirektoratet vil leggje til rette for at du kan fylgje dei merka ulvane frå sofaen heime. Men kor presise data du får, er usikkert.

Ulv blir merket

ULVEMERKING: Folk frå Statens Naturoppsyn er i full gang med å merke ulvar i Slettåsflokken i grenda Slettås i Trysil 13. januar i år. Her får den fyrste ulven påmontert GPS-sendar.

Foto: Kari Toft / NRK

– Vi vil leggje ut kart eller på annan måte gjera det tilgjengeleg slik at folk kan sjå dei posisjonane dei har vore på, seier seksjonsleiar i Viltseksjonen i Miljødirektoratet Knut Morten Vangen.

Det er Statens naturoppsyn som har stått for merkinga, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Arbeidet med å merke dyra i Slettås- og Osdalsreviret starta torsdag 12. januar, og nå har Viltseksjonen fått inn data frå ulvane.

Knut Morten Vangen

Knut Morten Vangen er seksjonsleiar i Viltseksjonen i Miljødirektoratet, og opnar nå for å gjera data frå dei merka ulvane tilgjengeleg.

Foto: Pressebilde / Privat

Har ikkje detaljert analyse

Det ser ut til at dei har halde seg i det området som dei var venta å vera. Slik sett har det ikkje kome noko ny type informasjon.

– Det vil vera meir aktuelt når ein kjem lenger ut på våren, når kvalpane frå denne flokken byrjar å bevege seg lenger ut frå reviret, seier Knut Morten Vangen.

Studerer ulv i ulveland

Vangen kan ikkje seie noko om ulvane har vore nære bustadhus, og han seier at dei enda ikkje har analysert dataa på det presisjonsnivået. Til nå har dei vore mest opptekne av å få sendarane til å fungere med dei systema dei har.

– Vi vil gå inn å gjera detaljerte analysar etter kvart, seier Vangen.

Karta som Miljødirektoratet nå vil gjera tilgjengelege, blir lagt ut med ei tidsforseinking eller ei type maskering, seier Knut Morten Vangen.

Krev omfattande tiltak

Men tidsforseinking er ikkje nok i seg sjølv, meiner Generalsekretær i Naturvernforbundet, Maren Esmark. Ho fryktar at offentleggjering av slike data kan føre til ulovleg jakt, og at det kan oppstå framprovoserte situasjonar.

Maren Esmark

Maren Esmark fryktar offentleggjering kan føre til ulovleg jakt.

Foto: Naturvernforbundet / Privat

– Det som er viktig når desse dataa blir tilgjengelege, er at det blir sett i gang tiltak for å unngå ulovleg jakt, seier Esmark.

Maren meiner at om ein vil gjera desse opplysningane tilgjengelege må det setjast inn store tiltak for å hindre mellom anna ulovleg jakt. Og at ein må gå ut med mykje informasjon til befolkninga og jegermiljøa om korleis ein skal oppføre seg.

– Ein må inn med forsterka tilsyn både frå politiet lokalt, frå viltkontakt i kommunen og SNO. I tillegg må det innførast bandtvang i dei områda der det er ulv, både for å beskytte hundane og for å hindre at ulv blir skote i naudverje av framprovoserte angrep på hundar, seier Esmark.

Ulv i Norge

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Innbrudd i butikk på Kvam

    Det er vært innbrudd i en butikk på Kvam i natt. Det ble meldt til politiet litt over klokka tre. Et kassaapparat er brutrt opp, men det er ukjent hva som er tatt.

  • Fikk endelig erstatning husbrann

    Et ektepar fra Lunner, som mistet huset i brann i 2014, mener forsikringsselskapet først erkjente ansvaret etter at media tok kontakt. Paret ble anklaget av selskapet for å ha tent på huset sitt. Sakkyndige kom fram til at brannen skyldtes en teknisk feil på en vifteovn.

    Tommy og Anita Oppegaard
    Foto: Arne Sørenes / NRK
  • Trafikkuhell E6 ved Espa

    Det har vært et trafikkuhell på E6 ved Espa i retning mot Gardermoen. Det er redusert fremkommelighet. Nødetater er på veg